Får 1 million til å styrke nynorsken

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Denne veka kom den gledelege beskjeden frå regjeringa: Teater Vestland får 1 million kroner til å etablere Nynorsk Scenespråksenter. 

— Det er heilt fantastisk å få denne ekstra løyvinga. Den gjer oss i stand til å jobbe endå meir med innhaldet som skal vere klart til vi flyttar inn i Nynorskhuset i 2023, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. 

Kven er vel meir egna enn oss?  

Nynorsk Scenespråksenter er eit drøymeprosjekt for Lundsholt og ein tanke ho hadde også før ho tok til i jobben som teatersjef ved Teater Vestland ved inngangen til 2021. 

— Det er naturleg at Teater Vestland, som er eit turnerande nynorskteater med enorm kompetanse og erfaring på dialektovergang og å spele på nynorsk, startar Nynorsk Scenespråksenter. Kven er vel meir egna til å ta tak i dette? spør teatersjefen retorisk.

Teater Vestland er eit av tre teater i landet som forvaltar nynorsk scenespråk, og teateret har vunne Heddaprisen for særleg kunstnarleg innsats når det gjeld nynorsk samtidsdramatikk. Millionen frå Kulturdepartementet gir teateret armslag til å jobbe endå meir med kva det vil seie å spele teater som portrett av levande menneske på nynorsk og vestnorske dialekter. 

Arbeidet er viktig, ikkje berre for Teater Vestland og regionen, men også nasjonalt vil det komme heile bransjen til gode. 

— Fokuset på dialektovergang er blitt mindre i utdanningsinstitusjonane, og som arbeidsgivar ser vi behovet for å hjelpe med denne kompetansen. Vi treng skodespelarar som kan jobbe på nynorsk og som meistrar dialektovergang, og vi treng dramatikarar som skriv på nynorsk. 

Går i gang til veka

Satsinga må sjåast i samanheng med Nynorskhuset og trepartssamarbeidet med NRK og Firda. 

— Teateret er inspirert og imponert av NRK og Firda sitt arbeid med Nynorsk Mediesenter og Nynorsk Avissenter, og no styrker vi nynorsksatsinga med Nynorsk Scenespråksenter. Vi har knytt til oss fagpersonar som skal realisere senteret saman med oss, og det arbeidet startar i neste veke.

Heidi Hattestein