Podcast BAK MASKA episode 2: Are Kalvø om meininga med livet

 

Høyr Are Kalvø i samtale med Heidi Hattestein om «Toppar VG-lista», eit show om popmusikken og meininga med livet.

Are fortel at han er blitt meir forståelsesfull og mindre kritisk med åra. Han meiner det er mykje kjærleik i å vere vennleg frekk, og at ein alltid bør vere klar til å bry seg om nokon ein ikkje kjenner.

Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Vestland. Podkasten til Teater Vestland har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar.

Podcasten er også tilgjengeleg her:

  • Facebook/Teater Vestland - filma podcast

  • Google podcast

  • Sprei.no

 
podcastLene Grande