Podkast BAK MASKA episode 1: Dokumentarteater som angår deg

 

PODKAST: Høyr regissør Torkil Sandsund og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt snakke om «Bondetinget», dokumentarteater som angår deg.

I stykket kjem det fram at noko er stole frå det norske folket. 9 av 10 bønder har forsvunne ut av næringa sidan krigen, og med dei har butikkar stengt og skular blitt nedlagde. Korleis kunne det skje? Torkil Sandsund har gjort eit intenst researcharbeid, og i denne podkasten fortel han kva som har drive han til å bruke fleire år på å finne svar.

Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Vestland. Podkasten til Teater Vestland har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar. Vi vil med jamne mellomrom spele inn desse fagpratane - følg med!

 
podcastLene Grande