Podkasten Bak maska: Om å skrive ny, nynorsk dramatikk

Lene Therese Teigen har skrive Mødrevariasjonar som opnar teateråret 2023 her på Teater Vestland. 4 skodespelarar speler 16 variasjonar over det å vere mor. Teigen er opptatt av å skrive gode roller for kvinner, som noko meir enn bikarakterar i menns liv, og det handlar ikkje først og fremst om kvinnesak.

— Det skjer noko interessant når éin skodespelar har fleire roller, og det er tydeleg for publikum at hen går frå den eine til den andre. Skodespelaren kjem meir fram som seg sjølv på scena, seier dramatikaren i denne praten med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Vestland. Podkasten har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar.

podcastHeidi Hattestein