Desse to skal du bli godt kjent med i året som kjem

Kollegaer og kjærastar: Peder Lauvås og Carina Furseth. Foto: Heidi Hattestein

Carina Furseth og Peder Lauvås dukka opp på ein kartleggingsaudition som Teater Vestland heldt i 2021. Dei blei plukka ut blant 150 andre, og no er dei tilsette på åremål i heile 2023. Dei  er òg kjærastar på fjerde året, og dei føler seg heldige som har fått jobb på same teater.

— Å få jobbe på same stad, og det i eit heilt år, er ikkje sjølvsagt i denne bransjen, seier dei.

BIO: Carina Furseth (30)

Utdanna skodespelar ved Teaterhøgskolen i Oslo.

Spelte si første hovudrolla på Teater Vestland i Jenta med fyrstikkene i 2021.

Gjekk deretter vidare til ei rolle i Gratis og uforpliktande verdivurdering her på teateret.

Frå Rælingen.

BIO: Peder Lauvås (31)

Utdanna skodespelar ved Bårdar og Westerdals.

Kom til Teater Vestland i 2022 for å spele i Gratis og uforpliktande verdivurdering, og gjekk vidare til rolla som James i Grevinna & hovmeisteren seinare same år.

Før han kom hit var han på turné med Teater Ibsen og stykket Kunst.

Frå Etne.

Furseth utdanna seg som skodespelar rett inn i koronaen, i ei tid då kulturlivet låg brakk. 

— Vi sat inneklemde i eit vakuum i ei bitte, lita leilegheit på Grønland i Oslo. Så såg vi eit bilde av Teater Vestland-skodespelar Kyrre Eikås Ottersen på turné i den vakre vestlandsnaturen, og vi berre: “Der vil vi jobbe og bu!”. 

Og slik blei det. Dei har allereie fylt kvar sine to roller her på teateret. Neste gong du ser Furseth på scena er det saman med tre andre kvinnelege skodespelarar i Mødrevariasjonar, og Lauvås kan du oppleve litt seinare i vår, i produksjonen Peter Pan - under den magiske månen. 

Peder Lauvås og Carina Furseth fylte fleire roller i Gratis og uforpliktande verdivurdering. Dei spelte alt frå eigedomsmeklarar til småsøsken, som her på bildet. Foto: Espen Nyttingnes

Historia om dei to skodespelarane flettar seg saman med teaterets satsing på det nynorske språket og dialekter.

Carina Furseth i Jenta med fyrstikkene. Foto: Espen Nyttingnes

Teateret jobbar målretta med dialektovergang for skodespelarar med andre dialektbakgrunnar, mellom anna med fleire kurs i å spele på nynorsk, ekte og levande. Kurshaldar er Eldbjørg Lognvik, ein av landets største kapasitetar på området. Teateret skal dessutan etablere Nynorsk scenespråksenter og har knytt til seg tidlegare teatersjef Terje Lyngstad i arbeidet. Han jobbar tett opp mot dei einskilde skodespelarane og elles med språkarbeid og manus.

Carina Furseth er frå Rælingen og snakkar austlandsk dialekt. Då ho kom hit til teateret for å spele Jenta i Jenta med fyrstikkene i 2021, begynte eit stort arbeid med dialektovergang.

Ho jobba tett med Terje Lyngstad og sjarmerte alle med å dukke opp på lønningsbobler og anna sosialisering utanom arbeidstid - på kav sunnfjordsk. 

Ho levde, tenkte og drøymde på sunnfjordsk, godt hjelpt av sunnmørske skuleferiar gjennom heile oppveksten. 

— Eg fekk lære metoden for dialektovergang med gode hjelparar. Det var utfordrande å lære morsmålet til sunnfjordingane, men det har også opna mange dører. No held arbeidet fram i Nynorskhuset. Der får vi vere med og skape eit hus for nynorsk identitet og ein base for andre som kan få oppleve det same som meg. Det kjennest meiningsfullt, seier ho. 

Teater Vestland er med og bygger Nynorskhuset midt i Førde sentrum, og der skal vi flytte saman med NRK Vestland og lokalavisa Firda i det som blir den største nynorskklynga i landet. Innflyttinga skjer allereie i mai i år, med storslått opning i september. 

I byrjinga av 2022 spelte begge i Gratis og uforpliktande verdivurdering, basert på Marit Eikemo si bok med same namn; ein knakande god pageturner om moderne, norsk kvardagsliv. 

Og nyleg avslutta Peder Lauvås ein turné til bygdehus i heile Vestland i rolla som James i Grevinna & hovmeisteren. 

— Å turnere i bygdehus var heilt fantastisk! Det er eit skikkeleg privilegium å bli kjent med heile fylket på denne måten, og bli kjend med så mange fantastiske steder. Carina fekk kartbok over Vestland i 30-årsgåve frå Idun Losnegård, fast tilsett skodespelar her ved teateret, og i den skriv vi inn og teiknar det vi opplever på turneane. Ei kartdagbok, kort og godt, seier han. 

No ser dei begge fram mot eit år på Teater Vestland.

— Det som er ekstra stas er at vi veit at vi får ta del i eit skikkeleg spennande og utfordrande år på teatret. Vi gler oss! 

Peder Lauvås i Grevinna og hovmeisteren. Foto: David Zadig

Heidi Hattestein