Ei annleis førjulsoppleving for heile familien 

Carina Furseth speler jenta i vår versjon av H.C. Andersens eventyr “Piken med svovelstikkene”.

“Piken med svovelstikkene“ er eit av dei vakraste og såraste eventyra vi har. Det er gitt ut på meir enn hundre språk og er i lag med dei andre eventyra til H.C. Andersen blant dei mest omsette tekstane i verda, nest etter bibelen.  
  
5. november er det premiere på Teater Vestland sin versjon av juleklassikaren: «Jenta med fyrstikkene». Regissør Miriam Prestøy Lie håper at familieframsyninga kan inspirere barn til å bruke stemma si og til å stole på at den blir høyrt. 

Idun Losnegård og Carina Furseth i ei av fleire sterke scener i “Jenta med fyrstikkene”.

Frå fem år og oppover 

Teater Vestland inviterer til ei nær, sanseleg og fantasirik teaterverd i blackboxen, den mest intime scena vår med plass til cirka 60 publikummarar. Teateret skal besøke 14 spelestader i Vestland fylke, med over 30 framsyningar.  

«Jenta med fyrstikkene» passar for barn frå fem år og oppover, og publikum får oppleve blackboxen på ein heilt ny måte. Scena er flytta midt ut på golvet i form av ei vinterleg gate, og det blir sitjeplassar på begge sider. Komponist Thea Hjelmeland har skapt musikken som lukkar publikum inne i teateruniverset. 

— Eg vil viske ut skiljet mellom framsyninga og publikum lite grann og invitere ungane inn. Dei får vere med og bygge gata, røper regissør Miriam Prestøy Lie.   

På lag med barna  

Dei fleste har høyrt om den vesle jenta som vandrar berrføtt rundt i snøen ei nyttårsaftan og prøver å selje fyrstikker. Eventyret er frå ei anna tid, men er like opprørande i dag: Kvifor er det ingen vaksne som hjelper jenta? Kvifor går dei berre forbi, korleis kan dei tole det? 

For regissør Miriam Prestøy Lie har det vore viktig å finne ein inngang til temaet som er på lag på barna. Det blir leika med mange lag i framsyninga.  

— Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen speler skodespelarane Idun og Kyrre som er på turné med «Jenta med fyrstikkene». Idun synest at eventyret er altfor trist og vil eigentleg spele noko koselegare for ungane, medan Kyrre synest det er viktig å snakke om det som er vanskeleg. Dei representerer to forskjellige arketypar i vaksenverda; den som vil beskytte barnet mot sanninga, og den som vil rive av plasteret, seier regissøren og held fram: 

— Carina Furseth speler jenta, og ho begynner med å spele eit barn i publikum. Ho kjenner ikkje eventyret frå før. Ho er nysgjerrig, empatisk og tenkande - som ungar flest med andre ord - og ho aksepterer ikkje utan vidare det ho blir fortalt. Ho stiller mange gode spørsmål, og opplevinga av eventyret blir sterkare fordi vi ser det med barnets blikk, seier Miriam Prestøy Lie.  

Regissøren håper at framsyninga kan inspirere barn til å stole på si eiga stemme og kanskje også til å gjere opprør mot det som dei opplever er urettferdig.

— Eg trur barn vil vere på lag med jenta. Barn har ein unik, medfødd sans for rettferd og evne til empati, noko som gjer dei til potensielt gode opprørarar. Medan vi vaksne blir meir pragmatiske og grautete i haldningane våre med åra, har ungar ofte enkle og gode svar på vanskelege spørsmål, seier Miriam Prestøy Lie.  

Kyrre Eikås Ottersen speler skodespelar Kyrre. Han meiner det er viktig å snakke om det som er vanskeleg og vil gjerne lage politisk teater for barn.

Opne for samtalar  

 H.C. Andersen gav ut «Piken med svovelstikkene» for 175 år sidan, i 1946. Han vaks opp i fattigdom i Odense i Danmark, og han skreiv i ei tid der barn ofte vart overlatne til seg sjølve.  

Regissør Miriam Prestøy Lie har stått bak ei rekke kritikarroste framsyningar for både vaksne og born, mellom anna dei to heddaprisnominerte produksjonane «Alt det lyse og alt det mørke» (Teater Vestland, 2019) og «Engelen frå Kobane» (Teater Vestland/Det Vestnorske Teateret, 2019).

Julefeiringa, slik vi kjenner den, kom med den industrielle revolusjonen, og den forsterka allereie eksisterande klasseskilje. Juletre og innpakka gåver var ein luksus som dei minst privilegerte - arbeidsfolk som sjaua for dagløn i hamnene til dømes - ikkje hadde råd til. Når arbeidet vart lagt ned, mista dei tvert om sjansen til å tene seg nokre slantar. Ei slags omvend julegåve. 

— For mange er jula den viktigaste høgtida vi har. Det er då vi skal samle heile familien og ha god tid saman. Jula er tida for låge skuldrer, nærleik, kjærleik og varme. Det ligg i alle fall ei sterk forventning om det. I mange år forsøkte eg sjølv å gjenskape ei kjensle frå då eg var barn. Tilbake til tida før foreldra mine vart skilde, og verda var enkel, og den einaste bekymringa mi var om eg fekk lov til å sjå den siste episoden av årets julekalender utan at det krasja med julemiddagen, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. 

— Men jula er også ein katalysator for utanforskap og einsemd. Kjøpepress frå alle kantar. Redsle for at det skal bli avslørt at «sånn er det ikkje heime hos oss». Barnefattigdom er eit problem i Norge også i dag, og andre stadar i verda veit vi at ein trygg stad å bu, reint vatn og mat, eit trygt samfunn og å få gå på skule ikkje er ei sjølvfølge. Vi veit desse tinga, men kva gjer vi med det? Kva ansvar har vi? spør teatersjefen.  

Avsluttar den politiske hausten  

Det er ikkje utan grunn at «Jenta med fyrstikkene» er på repertoaret no rett før jul. Den avsluttar den politiske hausten på Teater Vestland. 

— Vi begynte med dokumentarteater om norsk landbruk, heldt fram med politisk satire og avsluttar no med «Jenta med fyrstikkene», ei annleis familieframsyning om utanforskap og naud, men som også tilbyr løysingar vi vaksne kanskje ikkje har tenkt på, seier Lundsholt. 

— Barn og vaksne har det same behovet for forteljingar som opnar for nye refleksjonar, nye tankar om oss, om verda vi lev i og kva det vil seie å vere menneske. Miriam Prestøy Lie er valt som regissør fordi ho er ein modig og ambisiøs scenekunstnar, som evnar å lage framsyningar som rører oss djupt i sjela. Dette blir ei oppleving der publikum kjem tett på, både psykisk og fysisk. Eg trur at vår versjon av denne udødelege klassikaren vil vere med på å starte gode samtaler kring viktige aspekt ved samfunnet vårt og korleis vi vel å leve liva våre. Den kan opne for refleksjonar kring rettferd og naud og det utanforskapet som vi veit at mange kjenner på no som det nærmar seg jul, men eg er heilt sikker på at publikum kjem til å gå ut av denne framsyninga med den gode julekjensla, avsluttar teatersjefen. 

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt har programmert “Jenta med fyrstikkene” som ein del av den politiske hausten på Teater Vestland.

Heidi Hattestein