Rapport frå prøverommet

 

Det er fantastisk å sjå kor produktivt møtet mellom frie idear og institusjonelle musklar kan vere.

Roseane Dos Reis i Prøverom på Teater Vestland. Foto: Heidi Hattestein

«Den heileage kua - om å føde ein nordmann» av og med Roseane Dos Reis var i Prøverom på teateret i veke 10. Samarbeidsprosjektet hadde urpremiere i Teatersalen i Nynorskhuset på Den internasjonale kvinnedagen 8. mars.

Prøverom er eit tilbod til frilansarar og teatergrupper i det frie feltet. Skapande og utøvande scenekunstnarar kan komme på teateret og jobbe med ein idé eller sluttføre eit stykke. Teateret stiller scene og teknikk til disposisjon i éi veke og kan også hente inn rettleiarar utanfrå.

— Vi er så glade for at vi fekk huse urpremieren på «Den heilage kua – om å føde ein nordmann», seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

— Frilansarar i Prøverom viser teateret stor tillit når dei kjem hit og gjer ferdig prosjektet sitt hos oss. Mange har gjerne jobba med prosjekta sine over fleire år. Roseane Dos Reis er ein scenekunstnar med ei unik stemme som ho no nyttar til å fortelle si eiga historie om utanforskap og å føde frå sitt perspektiv som innvandrar.

Roseane dos Reis er frilansskodespelar og sjukehusklovn på trettande året, samt skodespelarcoach for sjukehusklovnane. Ho flytta frå Brasil i 2000, og på teaterskule i Italia traff ho nordmannen som ho sidan følgde til Noreg og stifta familie med.

«Den heilage kua - om å føde ein nordmann» er basert på eigne og andre innvandrarkvinner si oppleving av å føde i Norge, eit arbeid som også har resultert i ein master i anvendt teater.

— Eg begynte med ein teori om at det var annleis for meg å føde i Noreg fordi eg er innvandrar, men eg måtte innsjå at det er feil. Også mange norske kvinner har vanskar med å bli høyrt og forstått når dei føder. Noreg er ikkje fullt så likestilt som ein gjerne trur, og det kan det vere vanskeleg å snakke om.

Bryt den fjerde veggen: Publikum får brygge seg ein kopp kaffi på brasiliansk vis, slik bestemora til Roseane brukte å lage den.

Ei heilag ku er noko det ikkje er tillate å kritisere, noko som er tabu. I stykket løftar Dos Reis fram det vi kanskje ikkje snakkar nok om: Korleis er det eigentleg å vere gravid og fødande kvinne i Noreg? Er likestillingsidealet blitt ei heilag ku?

Roseane dos Reis blir sjokkert når folk ikkje reiser seg for gravide kvinner på bussen. Oftast er det ho som gjer det, eller andre med innvandrarbakgrunn. Men stort sett svarer norske kvinner «nei, det går fint».

Er ikkje det litt rart? undrar ho.

— Det er ein kulturforskjell her. I Brasil er mor i sentrum, opphøgd på ein måte, og det er heilt utenkeleg å ikkje vise ei gravid kvinne anerkjenning og omsut. Men her i Norge får ein nesten kjensla av at den tanken trugar likestillinga. 

Feminisme bør vere på menneskets premissar, ikkje på menns premissar, meiner scenekunstnaren.

— Det er forskjell på menn og kvinner, for eksempel på kroppane våre, noko fødselen er det sikraste beviset på. Her kan ein tenke seg ein parallell til innvandring. På lik linje med at innvandrarar blir assimilerte, ikkje integrerte, må kvinner gjere som menn for å vere likestilte. Men kan det hende at det finst ein annan måte å tenke feminisme på, ein måte som også vil gagne samfunnet meir?

Stein Ove Øygardslia (lys) var med i Prøverom. Her har dei ein velfortent pause i Røyst mat & vin i foajeen i Nynorskhuset. Foto: Privat

Stykket vart godt tatt imot.

Hans Jakob Reite, tidlegare teatermann og kulturkritikar i eigne kanalar på sosiale media, skreiv ei innsiktsfull melding av stykket.

«Det ligg i stykket si tilnærming til livet at dette kan verte springande, men med den fødande kvinna som raud tråd, så hentar ho seg inn – med alle «sprikande bein». Stykket er kroppsnært og frodig. Her ligg snubletrådane klar til å felle deg i annankvar replikk. Men Roseane snublar ikkje i navlestrengen, og ho meistrar å balansere på knivsegga. Ho byd på seg sjølv og sine røynsler. Men på ein truverdig måte – der røynslene hennar er attkjennande og det gir meining i å dele. Ho forfell ikkje til privat utlevering for berre å pirre kikkargenet i oss.»

Roseane Dos Reis og Jeff Pedersen under prøvene.

Jeff Pedersen, regikonsulent for framsyninga, kjem også frå det frie feltet.

— Prøverom bør vere som ei handhelsing mellom to likeverdige partar. Det er viktig at institusjonsteatera ser fordelane med å jobbe med det frie feltet og hentar inspirasjon til å friske opp ideane sine, møte nye kollegaer osb. Og det frie feltet har store behov for ressursar og kompetanse - særleg innan produksjon og marknadsføring - slik at det fulle potensialet kan takast ut. Spesielt viktig er det når det gjeld innvandrarar og andre sårbare grupper, seier Pedersen.

Det skal ikkje stå på morgonkåpa, får seie. Foto: Privat

Som regionteater ønsker Teater Vestland å vere eit kompetansesenter og ein møteplass for folk i bransjen, og vi ønsker endå tettare samarbeid med scenekunstnarar og teaterkompani i det frie feltet. Vi vil stimulere til nynorsk på scena.

Teatersjefen oppmodar scenekunstnarar til å ta kontakt dersom dei ønsker å komme i Prøverom.

— Vi arrangerer Prøverom både over eigen lest og i samarbeid med Norsk Skuespillersenter. Sistnemnde samarbeid finn stad allereie i mai i år, med søknadsfrist 19. mars, seier Cecilie Grydeland Lundsholt.

Lenke til søknad finn du HER.

 
Heidi Hattestein