Teaterskule i haustferien

SCENEKAMPKURS I HAUSTFERIEN!

  • Dato: 10.-12. oktober

  • Tidspunkt: 9.00-13.00

  • Alder: 5.-10. klasse

  • Tal deltakarar: 20

  • Påmeldingsfrist: 5. oktober

  • Kurshaldar: Jeff Pedersen

  • Pris: 600 kr

  • Oppmøte: Teater Vestland, Førdehuset

Jeff Pedersen er instruktør på haustteaterskulen, og tema er SCENEKAMP.

Elevane bruker 3 dagar til å lære seg scenekampteknikk – med og utan stavar - med fokus på spenning, tryggleik og dramaturgi. Til slutt skal alle koreografere sine eigne kampscener.

Elevane lærer at fundamentet for ei god kampscene er bygd på samarbeid og lytting. Dei lærer kule teknikkar som vil imponere publikum.

Praktisk: Elevane tar med eigen matpakke og drikkeflaske på undervisingsdagane, og dei bør ha klede som er gode å bevege seg i. Dei treng ingen forkunnskapar.

Haustteaterskulen er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Sunnfjord kulturskule.

Om Jeff Pedersen:

Jeff er ein svært erfaren scenekamp-instruktør. Han har nyleg regissert scenekampen i Heddapris-nominerte Romeo og Julie på Det Norske Teateret, Don Giovanni på Bergen Nasjonale Opera, Søner av Sola (il Puritani) på Opera Nordfjord og 100 Songar på Teater Vestland. Han har tidlegare regissert scenekamp for The Philadelphia Story ved Old Vic Theatre og Company for Southwark Playhouse.

Pedersen har også koreografert scenekampane i Gaularspelet, Losnaspelet, Håkonarspelet, Dragseidspelet, Herøyspelet og andre historiske drama. Han har instruert scenekamp i Hamlet i Budapest og Twelfth Night ved LaMama Theatre i New York. Han har også laga scenekamp for Sony Playstation-spela Killzone 2 (Game of the Year 2008), Pirates of the Caribbean 2 og Getaway 3. Jeff har over tjue års erfaring med scenekamp og er kvalifisert som lærar i kickboksing, fekting og scenekamp.