Gjestespel: Hybris - Choreographing Whiteness

 

Foto: Christian Tandberg

 
 

Danseframsyning

Dansekunstnaren Jonas Øren (34) frå Høyanger kjem til Teater Vestland med framsyninga «Hybris - Choreographing Whiteness». Framsyninga blir vist i Teatersalen på Førdehuset 22. og 23. september som ein del av Skeivt kulturår.

Dansekunstnar Jonas Øren ser på den populærkulturelle tolkinga av kvite, skeive menn og melaninrike kvinner i hiphop-kulturen, og korleis dei to har mange fellestrekk. For han som homofil mann er sjølvforsvar og sjølvkreasjon to sider av same sak. Gjennom dans, rap og eit eksplisitt språk utforskast ulike former for motstand. Er kvitheita ukritisk forma ut frå eit behov for «attitude»?

Det blir to framsyningar. 22. september har teateret invitert elevar i den vidaregåande skulen med samtale i etterkant. Vi snakkar oss gjennom omgrep som viser korleis diskriminering i samfunnet er mangefasettert og farleg, og korleis teaterscena kan fungere som ei plattform for å ta opp samfunnsaktuelle og politiske emne. 23. september vert det ei opa framsyning for publikum. I tråd med ønska til dansekunstnaren vert inntektene frå denne framsyninga donerte til interesseorganisasjonen Skeiv Verden.


Skeivt kulturår

I 2022 er det 50 år sidan straffelov paragraf 213 vart oppheva og det vart avkriminalisert å vere homofil i Norge; ein milepæl i norsk historie som vert markert og feira over heile landet i Skeivt kulturår 2022. Retten til å elske den ein vil vert feira. Men skeivheit omfattar meir enn seksualitet. Heile tida fortel vi historier om kven vi er. Det er ein ryggmargsrefleks hos oss menneske. For Teater Vestland er det viktig at skeive stemmer innanfor kunsten når ut til eit breitt publikum, og at kulturtilbodet i fylket er mangfaldig og får fram eit spekter av stemmer som ikkje naudsynt er knytte til dei store institusjonane.


«Hybris – Choreographing Whiteness»

Danseframsyninga Hybris handlar om å trekkast mot det som er annleis, fordi ein sjølv føler seg annleis. Prosjektet er autobiografisk og kjem frå Jonas Øren si forståing av styrke i ung alder. Historia starta på guterommet og er bygd opp av eit behov for noko som manglar. Som skeiv tenåring vaks Jonas opp i industristaden Høyanger, der han fann tryggleik i noko som han opplevde som annleis fordi han, som skeiv/homofil, også følte seg annleis. Jonas fann styrke i eit kroppsleg og verbalt språk.

Då Jonas Øren kom ut av skapet, var han rundt 18 år og budde i Oslo. Han tok mot til seg ein kveld han var heime hos foreldra i Høyanger. Dei vart begge glade – nesten letta – då Jonas omsider torde å fortelje med ord kven han er. «Hybris – Choreographing Whiteness» er eit danseprosjekt som spring ut frå det personlege og sjølvopplevde. Det fortel om kva rørsle som gir meining i ein kropp som ikkje alltid føler seg heilt på plass. Danseframsyninga set homofili og skeiv kultur opp mot svart kultur og den melaninrike kvinna i populær- og hiphop-kulturen. Kva for rørsler, språk og lyd er det desse figurane har til felles. Og kvifor er dette noko felles?

Det handlar om motstand, om sjølvbekrefting og om å vere stolt. Framsyninga undersøker korleis dette har blitt populærkulturelle fenomen som vi alle kjenner gjennom musikk, film, mote og teater. Danseframsyninga er relevant fordi ho tek utgangspunkt i det lokale, skeive perspektivet sett opp mot det verdslege og universelle.


Om Jonas Øren

Jonas Øren har i dag base i Oslo. Øren har ein bachelorgrad i klassisk ballett (2009–2012) og ein mastergrad i dans (2017–2019) frå Kunsthøgskolen i Oslo. Øren har også studert ved Conservatoire National Superieur Music et la Danse Lyon og ved Ballettskolen ved Den Norske Opera og Ballett. I 2021 var han mottakar av Statens tilskot. Tilbake i 2009 var Jonas Øren ein av dei første til å motta eit av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sine Furorestipend. I år støttar Sparebankstiftinga han på ny, no saman med Teater Vestlad, når Øren kjem tilbake til fylket med danseframsyninga Hybris.


Lengd på framsyninga: 70 min



PROSJEKTLEIAR OG DANSEKUNSTNAR: Jonas Øren
DRAMATURG: Jessica Lauren Elisabeth Taylor
LYSDESIGN OG -TEKNIKK: Yasin Gyltepe
KOMPONIST OG MUSIKKPRODUSENT: Øyvind Basmo, Kristoffer Lie, Erlend Lyngstad

 

Gjestespelet er mogleggjort med støtte i frå Kulturrådet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sunnfjord Kommune.