"So rodde dei fjordan..." og langt vidare

 

GJESTESPEL I NYNORSKHUSET

 
 

Aslaug Vaa

Halldis Moren Vesaas

og Marie Takvam

Vi kjenner namna, vi kjenner nokre av dikta deira – vi veit at dei skreiv på nynorsk – og at dei var aktørar på fleire arenaer i det førre hundreåret.

Men hadde dei elles noko felles og kan dei vera aktuelle og viktige for oss også i dag – i det 21. hundreåret?

Desse tre; Aslaug, Halldis og Marie var pionerar- for kvinner sin plass i samfunnet på eigne premissar. For språket/nynorsken, kulturen, den med røter, men også venger, for samfunnsansvar- respekt for livet og mangfaldet.

Dei skreiv utifrå sin kulturelle og språklege arv, og det å vera kvinne. Dei skreiv om kjærleik, barn, vennskap og omsorg for naturen. Men dei lausreiv seg og frå det tradisjonelle og let seg forma av det nye- dei forandringar som skjedde i samfunnet; teknologiutviklinga, flyttestraumar, politisk uro og krig.

Dette var dei prega av, og hadde til felles. Tema og kjensler som er gjenkjennelege også i den verda me no lever i.

Skodespelar og songar Katrine Lunde Mackenzie tolkar sentrale dikt av forfattarane. Tonefylgje er organist Sigbjørn Apeland. Saman skal dei utforske dikt av desse tre i ord og tonar.

Velkommen til ein kveld med våre modernistiske formødrer!

Musikk er av Geirr Tveitt, Sven Ohrvik og Gunhild Hovden Kvangarsnes.

Medprodusent av framsyninga: Det Vestnorske Teateret.


 

Vi tar grep og innfører betal det du kan på enkelte framsyningar i Nynorskhuset. I ei tid der fleire ser seg nøydde til å prioritere vekk teaterbesøket, er det viktigare enn nokosinne å halde oppe teaterets kraft. Når forskjellane aukar, vil vi bryte ned økonomiske barrierar. Fordi kunst beveger menneske og samfunn, og fordi kunst bør vere for alle.  

Ordninga betyr at du som publikummar avgjer kva billetten skal koste. Vi har fleire prisklassar du kan velje mellom. Prisklassane er: 150, 200, 250, 300, 350 og ein eigen solidaritetspris på 500 kroner.  

Du kan altså velje å betale mindre enn det billetten vanlegvis kostar. Eller du kan velje å betale meir, dersom du vil støtte det einskilde prosjektet eller teateret litt ekstra og har moglegheit til å gjere det.