KINNASPELET 2024

SONGEN VED DET STORE DJUP

 

Kinnaspelet handlar om då danskekongen sin fut kom til Kinn og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest må setjast inn. Bygdefolket slår spontant ring om presten sin og kyrkja. Dei feirar "Seljumannamesse" denne søndagen i 1537. Gjennom deira «kirkespill», eit spel i spelet, blir vi med tilbake til 900-talet og blir vitne til at den kristne prinsessa Sunniva på Irland, rømmer frå vikingkongen Ramn som vil ha henne til dronning. Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde. Ho driv i land på Selja. Seinare blir ho St. Sunniva, helgen for Vestlandet. Søstera Borni, driv i land på Kinn, og skal etter legenda vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja.

Borni nektar å teie, sjølv om ho får eit spyd opp under nasen. På kaia står den danske futen med væpna soldatar og krev at øyfolket skal ta imot den Lutherske læra. Borni tryglar prestefaren om å halde på den katolske trua. Ho minner om ei anna Borni i ei anna tid, ho som rømde frå vikingane sine herjingar i Irland i ein båt utan årer og segl og lét seg drive over havet til ho rak i land på Kinn, der ho ifølge legenda fekk reist ei steinkyrkje.

«Songen ved det store djup» dreg opp dei store linjene i ein fortetta versjon med eit persongalleri som vi er blitt glade i etter meir enn tretti år med spel: Borni, tiggarjenta Sygni, presten og frilla hans Margrete. Dei har mykje å tape, men også mykje å vinne. Margrete håper at presten vil gje avkall på pavekyrkja og sølibatet, slik at han kan gifte seg med henne og gjere dottera deira ektefødd. Sjølv er Borni meir opptatt av trua enn samfunnsordninga, og ho vil at faren skal stå imot. Kven av dei to skal han svike?

TEATERET VED HAVET

Ein scenografi med blått hav og høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Her på havstranda, så langt vest du kan kome i Noreg, ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet. Sant å seie har vi fleire spørsmål enn svar når det gjeld kyrkja på Kinn. Vi veit ikkje kven som bygde den, eller kvifor dei plasserte den under Kinnaklova. Dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen, som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.

Dette teateret ved havet, der naturen og kulturlandskapet spelar med, er ei oppleving du sjeldan finn maken til. Kinnaspelet «Songen ved det store djup,» eit drama om kjærleik og svik, tvil og tru, då reformasjonen kom til Noreg i 1537, og kasta vrak på ein 500 år gamal kyrkjeleg tradisjon og levemåte.

 
 

KUNSTNARLEG LAG

Av Rolf Losnegård
Kompinist Per Janke Jørgensen
Regissør Anethe Alfsgård og Cecilie Grydeland Lundsholt
Inspisient Jenny Pettersen
Musikalsk ansvarleg Harald Dahlstrøm
I rollene Borni/Sunniva
Carina Furseth | Magrete prestefrille Idun Losnegård | Prest Kyrre Eikås Ottersen | Tarve/vikingkongen Ramn Peder Lauvås | Danskekongen sin fut Harald Ottesen Nødtvedt