Gjestespel: Slåttekar i himmelen

 

Gjestespel frå
Teatret Vårt og Det Norske Teatret

Slåttekar i himmelen | Gjestespel | Teater Vestland

Foto: Erik Malmø

Edvard Hoem si første bok om slåttekaren blir teater.

Om menneskeleg livskraft, mot, tvil og håp.

Nesje, eller slåttekaren som han blir kalla, er enkemann og har ein son å ta seg av. Han finn kjærleiken på ny med Serianna, ei kvinne som røyker pipe og får Nesje med på seifiske. Gjennom eit liv med hardt arbeid og store val, blir ungeflokken større. Kvardagen er eit slit for å skaffe familien eit verdig liv, som hos så mange småkårsfolk langs Romsdalsfjorden. Draumen om ein ny start gjer at mange vel å selje ut, bryte opp og setje kursen over til det lova landet i vest. Gjertine, søstera til Serianna, drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å kome brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.


Dei fire bøkene i slektskrønika Slåttekar i himmelen; “Slåttekar i himmelen”, “Bror min på prærien”, “Land ingen har sett” og “Liv andre har levd” har hatt eit opplag på eventyrlege 330 000 bøker og vunne ein stor lesarskare. Bentein Baardson har regien på Slåttekar i himmelen, ei oppgåve han ser på som ei stor utfordring. – Eg gler meg og kjenner ærefrykt i møte med slåttekaren, seier regissøren. Kristian Lykkeslet Strømskag skal dramatisere romanen, Arne Nøst har scenografien, medan Ingrid Nylander har ansvar for kostyme.


Slåttekar i himmelen er ein samproduksjon mellom Teatret Vårt i Molde og Det Norske Teatret i Oslo. Framsyninga har urpremière den 7. mars 2020 på Hovudscenen i Oslo. Slåttekar i himmelen skal på turné i Møre og Romsdal i perioden 15. august til 26. september, før dei gjestar Vestland fylke 29. september - 1. oktober.

 
 

KUNSTNARLEG LAG

AV Edvard Hoem
DRAMATISERING AV Kristian Lykkeslet Strømskag
REGISSØR Bentein Baardson
SCENOGRAF Arne Nøst
KOSTYMEDESIGNER Ingrid Nylander
VIDEODESIGNER Reidar Andreas Richardsen
LYDDESIGNAR Nils Wingerei
LYSDESIGNAR Torkel Skjærven
DRAMATURG Carl Morten Amundsen

SKODESPELARAR
Jon Bleiklie Devik, Heidi Gjermundsen Broch (Oslo)/Kjersti Botn Sandal (Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane), Sara Fellman, Bjørnar Lisether Teigen, Julie Støp Husby, Svein Roger Karlsen, Unn Vibeke Hol, Andreas Koschinski Kvisgaard.

 
 

SLÅTTEKAR I HIMMELEN

AV EDVARD HOEM