FRAKT UNDER HAVET
ÅRETS KLASSIKAR PÅ TEATERSCENA
ENDRING I SPELEPLAN
Korona stikk kjeppar i hjula for turneen med «Frakt under havet»
Det er med tungt hjarte vi må slå fast at dei planlagde framsyningane i Os, Etne, Stord og Åsane er avlyste. Smittetrykket i bergensområdet er så høgt at dei ikkje lar seg gjennomføre.
Det ligg ein miks av årsaker bak avlysingane. Nokre stader har kulturhusa stengt dørene i samråd med kommunelegane, andre stader er det publikum som er blitt meir forsiktige og held seg vekke på eige initiativ.
Vi hadde gledd oss slik til å vise denne perla av ei framsyning for publikum i heile Vestland fylke, men når situasjonen er som den er, ser vi ingen annan utveg. I solidaritet med kollegaene våre sør for den gamle fylkesgrensa, og for å ta vare på både publikum og tilsette, vil vi vere med på den naudsynte dugnaden for å få pandemien under kontroll.
Heldigvis er smittesituasjonen ein heilt annan i vår eigen bakgård i tidlegare Sogn og Fjordane. Tre stader står att på speleplanen: Florø, Sandane og Førde. Her kjem framsyningane etter alle solemerke til å gå som planlagt.
FRAKT UNDER HAVET
Eddie Carbone er ein overbeskyttande onkel, noko som kjem til overflata då familiekjenningane Marco og Rodolpho kjem ulovleg til landet, og familien tar risikoen med å huse dei. Eddie nyt stor respekt i nabolaget og på arbeidsplassen. Saman med kona Beatrice har han oppdratt niesa hennar, Catherine. Når Catherine og Rodolpho forelskar seg i kvarandre, kolliderer ulike kulturar, og det utløyser angst og hat. Situasjonen endar med drap.
Handlinga går for seg blant italienske hamnearbeidarar i New York på midten av 1900-talet. Den frie immigrasjonen til Amerika er stogga, men nauden i Italia driv likevel mange til å reise over havet for å bli smugla inn. Dei illegale immigrantane blei kalla ‘submarines’, undervassbåtar. Det er forklaringa på den norske tittelen på stykket, Frakt under havet.
Tittelen kan også ymte frampå om at flyktningar og migrantar har med seg noko meir enn det som reint fysisk blir lagt i reisekista. Dei har med seg ein heil kultur, og dei blir ofte ståande i spennet mellom å halde på eigne tradisjonar og å ta opp i seg nye. Stykket fortel noko viktig om det å vere ny i eit land. Vi lever i ei tid der millionar er på vandring, og der utnytting av billig arbeidskraft og misbruk av folk er så daglegdags at vi knapt reagerer på det.
Frakt under havet er ein av dei store, amerikanske klassikarane frå 1950-talet, skriven av Arthur Miller. Stykket er sett opp fleire gonger i Norge, både på teater og fjernsynsteater. På Teater Vestland blir dette ein storslegen produksjon med sju skodespelarar og tre statistar på scena.
KUNSTNARLEG LAG
AV Arthur Miller
ORIGINALTITTEL: A view from the bridge
OMSETJING Ola E. Bø
REGI Bentein Baardson
SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN Siri Langdalen
DRAMATURG Bodil Kvamme
LYSDESIGN Krystian Myska
MEDVERKANDE Kyrre Eikås Ottersen, Idun Losnegård, Reidun Melvær Berge, Joakim Thrane, Torfinn Nag, Torgeir Reiten og Lars Sørbø
STATISTAR Kjell Furevik, Odd Magne Herland og Robert Tomkiewizc
Framsyningslengd: 1 t 50 min utan pause