Julekrybba

Julekrybba_1249px.jpg

Nypremière 2. desember 2018

 

La den skarpe vinterlufta bli igjen utanfor og tre inn i varmen frå årets forteljing om juleevangeliet. Kyrkja er dunkelt opplyst. Barnestemmer kjem trillande inn i øyra dine. Dei sender deg tilbake til julemagien frå din eigen barndom, og vidare derifrå til ein heilt annan stad i ei heilt anna tid, til den gongen Keisar Augustus lyste ut manntal og eit barn kom til verda og gav folk håp. 

Denne adventstida inviterer Sogn og Fjordane Teater og kulturskulane i Førde, Jølster og Florø til Julekrybba. Tre kyrkjer får besøk av denne høgtidsame familieframsyninga, der born frå dei ulike kulturskulane er med og spreier jula sitt glade bodskap.  

Historia er kjent for alle, men det kan likevel godt hende at du blir både rørt og overraska når du ser denne framsyninga. Regissør Jeff Pedersen kombinerer det tradisjonelle med det uventa. Lys, musikk og vakre kostyme, gjer Julekrybba vakrare enn nokon gong. 

Heile kyrkjerommet er teke i bruk: alteret, preikestolen, benkane, galleriet. Overalt er det englar og ungar og engleungar. Alle er der for å møte deg: Maria, Josef, engelen Gabriel, dei tre vise mennene Kasper, Melchior og Baltazar, i tillegg til Kong Herodes og soldatane hans. Reidun Melvær Berge er den einaste profesjonelle skodespelaren. Ho er den allvitande forteljaren som binder det heile i hop. 

Musikken er ein kombinasjon av kjende julesongar og meir framande tonar frå Midtausten, noko som set framsyninga inn i ein større samanheng. Saman trykker desse musikkformene på dei rette knappane og gir den gode, varme stemninga. Ingenting er så fredeleg som når juleroa senker seg.

 

TILRETTELAGT AV
Bentein Baardson og Bodil Kvamme
REGI Jeff Pedersen
KOSTYMEDESIGN Else Lund
LYSDESIGN Kristian Myska
 

MEDVERKANDE:
Reidun Melvær Berge
30 elevar ved kulturskulane i Førde, Naustdal, Jølster og Florø

 

 

"...dette var berre så utruleg vakkert, og imponerande på alle måtar. Dei unge dramaspirane frå kulturskulen trollbatt publikum og leverte ei førestilling som stod til topp karakter" - Firda Tidend 2016

 

"Julekrybba vart levande i Naustdal kyrkje"..."I samarbeid med Sogn og Fjordane Teater leverer elevane eit spel med høg kvalitet, mykje takka vere at dei er tatt på alvor" -Firda 2016

 
 
 
 

Fotogalleri Julekrybba 2016