Lab prosjekt 2016

 

Sogn og Fjordane Teater ønskjer også i 2017 å gje nye krefter høve til å forske i prosjekt som enno ikkje har hatt première på scena.

I eit laboratorium blir det forska. I dei vekebaserte Labprosjekta våre skal det forskast i sceniske tekstar og uttrykk. Vi inviterer til workshop for dramatikarar, instruktørar og skodespelarar. I 2016 inviterte vi skodespelar og dramatikar Ingrid Jørgensen Dragland og regissør Audny Chris Holsen. Dei fekk forske i det nyskrevne manuset av Dragland: Yogakrigen. Prosjektet Yogakrigen skjer i samarbeid med Dramatikkens hus.

I ei arbeidsveke fekk dei forske og teste dette nye manuset. Publikum vart invitert inn for å sjå og lytte til resultatet av lab-prosjektet etter 5 dagar, og ikkje minst fekk vi gode med innspel til ”forskninga” vår.

 
 

Yogakrigen

Om Lab-prosjektet "Yogakrigen" seier dramatikar Ingrid Jørgensen Dragland: "Det var ei gåve å sjå skodespelarane fylle rollene men også påpeike svakheiter i rollefigurane sine som eg kan ta med meg vidare i skrivinga mi. Regissør og koreograf fann også ut måtar å løyse teksten på scenisk som opna den og gav den fleire mogelegheiter enn eg visste om, eller hadde tenkt meg til"..."Erfaringa frå dette prosjektet var at eg ser at denne teksten er i stand til å bli levande på scena og at rollefigurane lever og at vi har lyst å vite meir om dei, då er det inspirerande å skrive vidare på deira historier og gjere dei skarpare." 
 
Dramatikar Ingrid Jørgensen Dragland saman med regissør Audny Chris Holsen, koreograf Sigrid Edvardsson og skodespelarane som var med på workshopen: Idun Losnegård, Reidun Melvær Berge, Oda Alisøy, Arnhild Litleré, Linn Løvvik

Dramatikar Ingrid Jørgensen Dragland saman med regissør Audny Chris Holsen, koreograf Sigrid Edvardsson og skodespelarane som var med på workshopen: Idun Losnegård, Reidun Melvær Berge, Oda Alisøy, Arnhild Litleré, Linn Løvvik

 
 

 

Ingrid Jørgensen Dragland om erfaringane frå Lab-prosjekt 2016:

 

Maske - workshop

"Innføring i maska" med The Krumple Teater Company
 

I denne workshopen vart heilmaska nytta som verktøy for å kunne fokusere på kroppsspråket som formidlande stemme. Maska kan, gjennom eit artikulert kroppsspel, formidle kjensler og stemningar på ein særeigen måte. 

Sjølv om maska er eit gamalt verkty, vil deltakarane oppdage korleis den kan ha ei moderne og relevant stemme. Her utforska ein ulike nivå av kroppskontroll, artikulasjon av gestar og reaksjonar, samt korleis vi kan formidle kjensler utan å snakke. Workshopen fokuserte også på karakterarbeid, og korleis vi gjennom gange og kroppshaldning kan skape ein karakter svært ulik oss sjølve.

Avhengig av tidlegare erfaring vil skodespelarane få høve til å prøve ut to ulike sett med masker: Larvemaska og ei arbeidsmaske med nokre enkle karakteristiske trekk - som passar godt for dei som ikkje har jobba mykje med maske før. Karaktermaska legg sterkare føringar på skodespelaren, men gir større og meir nyanserte spelemoglegheiter.

I denne workshopen fekk deltakaranehøve til å lage si eiga maske, og oppdage kva for karakter som kjem ut av maska.