Geitejazz

 
 
_C2A5402.jpg
 
 

Sogn og Fjordane Teater og Førde kulturskule vil gjerne invitere dei minste til å vere med på å lage ein jassa versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane». 

I eventyret må geitemamma etterlate dei sju killingane heime for å gå ut og leite etter mat. Ho gir killingane streng beskjed om at dei ikkje må opne døra for ulven, og dei gjer så godt dei kan, men ulven kan triks som ein må ha levd i fleire geitår for å kunne avsløre. Han et krit for å gjere stemma mildare, og han drysser mjøl på dei svarte labbane. Klarer han til slutt å setje tennene i det møre kjøtet deira...? 

Ungar og jazzmusikarar har det til felles at dei likar å improvisere og utforske ytterkantane av kva som er mogleg å få til. Distriktsmusikar Jacob Wyrtz og skodespelar Idun Losnegård elskar å lage lyd saman med born. Dei bygger opp forteljinga med improviserte jazzrytmer og musikalske kollbøtter, men er heilt avhengige av hjelp frå dei minste til å skape den riktige grooven: lyden av det bankande hjartet til killingen som gøymer seg i klokkeskåpet, uvêret som bryt laust når ulven plutseleg står midt på stovegolvet.

Jazzmusikken skaper ei berg-og-dal-bane av stille spenning og hoppande glede som det unge publikummet kjem til å digge. 

Medverkande
Idun Losnegård
Jacob Wyrtz

Geitejazz er produsert av Sogn og Fjordane Teater i samarbeid med Førde kulturskule.

Neste framsyningar:

21. september: Nynorsk barnebokfest i Førde

12. oktober: Jazz på Jølst


Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar AS