Vinje, vår mann

 
Foto: Ulf R. Amundsen

Foto: Ulf R. Amundsen

«Ei intim stund med Kyrre Eikås Ottersen
som les og syng songar av Vinje»


6. april 2018 var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Vinje var den første som tok det det nynorske skriftspråket til Ivar Aasen ut i det offentlege rommet.

I fjor feira Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein litterær konsert- og teaterproduksjon, nemleg «Vinje, vår mann». Forfattar Lars Amund Vaage fortalde kva Vinje har betydd for han, medan han blei akkompagnert av tenor Aasmund Kaldestad på piano og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen som las tekstar av Vinje.

Men der Ottersen i fjor var del av ein trio skal han denne gongen ta med seg gitaren og legge ut på vegen åleine. Med eit litt meir komprimert manus skal han mellom anna besøke pensjonistlag, omsorgssenter og sjukeheimar for ein biografisk halvtime om Vinje, i visestil.

Aasmund Olavsson Vinje var ein mann som stod på og kjempa for korleis samfunnet skulle vere. Han såg på ting som var skeivt i samfunnet og var oppteken av like rettar. Han blei motarbeidd og sett ned på av dei som bestemte, men gav seg ikkje. Han kjempa for nynorsken og for at folk skulle få seg ei utdanning, uansett kva stand ein høyrte til.

Publikum vil mellom anna få høyre dikta «Der du gjekk fyre» og «Ved Rondane», i tillegg til utdrag frå den aller første boka på nynorsk, nemleg «Ferdaminni frå sumaren 1860». Boka inneheld reiseskildringar frå gå-turen mellom Christiania og Trondheim. Vinje var glad i menneske og i boka skildrar han desse møta på poetisk vis.

Artikkel:

 
2019 Kyrre øver til Vinje_Foto Charlotte Prydz Ottesen.jpg

Vinje, vår mann

 




TEKSTAR AV Aasmund Olavsson Vinje og Lars Amund Waage
REGI Bodil Kvamme
MEDVERKANDE Kyrre Eikås Ottersen

Idé og prosjektutforming for Vinje, vår mann i 2018 var Janne Karin Støylen i Rom for ord. Framsyninga vart produsert av Sogn og Fjordane Teater med støtte frå stiftinga Fritt ord og Norsk kulturråd.


Turné hausten 2019

21.08 Stadt
23.08 Lavik
24.08 Knarvik
27.08 Sogndal
28.08 Leirvik
29.08 Vadheim
30.08 Lærdal
31.08 Voss
01.09 Voss
04.09 Førde
05.09 Fjærland
06.09 Seim
07.09 Osterøy
10.09 Viksdalen
12.09 Jølster
15.09 Dale
19.10 Flåm

Ny speleperiode for 2020 er 23. mars -4. april.
Lag og organisasjonar som ønskjer å kjøpe framsyninga kan ta kontakt med marknad@softeater.no