Podkasten Bak maska: Teater og ny teknologi

 

Eksperimentering med ny teknologi er ikkje noko nytt i teaterhistoria. Då telefonen kom, kom også livesendingar per telefon, eller direktestrøyming som vi kallar det i dag. Då lyskastarane vart funne opp, revolusjonerte dei scenekunsten.

Saman med Nordland Teater og fem frilans scenekunstnarar har Teater Vestland utforska moglegheitene som ny teknologi gir. I denne episoden av Bak maska kan du høyre teatersjefane Cecilie Grydeland Lundsholt og Birgitte Strid snakke mellom annan om AR, augmented reality eller auka røynd på godt nynorsk.

Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Vestland. Podkasten har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar.

 
podcastLene Grande