Statsbudsjettet: — Oppsiktsvekkande løftebrot

 

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett får ikkje Teater Vestland den venta auken i løyvingar til husleige i Nynorskhuset. Dette bryt med staten sine positive signal gjennom fleire år og kjem til å gå ut over drifta. Det vil publikum få merke.

Ein skuffa teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt meiner det er noko som skurrar i årets kulturbudsjett. Foto: Heidi Hattestein

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett torsdag 6. oktober var dårleg nytt for Teater Vestland, og det får ordføraren i Sunnfjord kommune, Jenny Følling, til å hente fram dei skarpaste orda:

— Dette er oppsiktsvekkande. Det er eit klart løftebrot at ein ikkje står ved dei lovnadane som er gitt, seier ordførar Jenny Følling frå sitjande regjeringsparti SP.

Fylkesordførar og partikollega Jon Askeland er ikkje mindre uroa på vegner av kulturlivet i fylket. Han kallar det dramatisk og peiker på oppbygginga etter pandemien.

— Teater Vestland er ein sentral kulturaktør i Vestland, og dei har verkeleg fått kjenne på konsekvensane av pandemien. Dei og sektoren er i ein kritisk fase no, der det må satsast om teateret skal klare å koma på offensiven att. Når dei då ikkje vert høyrde, så er dette dramatisk – både for tilsette, og for innbyggjarar som risikerer å få eit ytterlegare redusert kulturtilbod, seier Jon Askeland.

Publikum må betale prisen

Teatersjefen kallar kulturbudsjettet eit angrep både på distrikta og nynorsken og får altså støtte frå SP-toppane Jenny Følling og Jon Askeland.

Teater Vestland er inne i ei avgjerande tid med innflytting i nye lokale i den største nynorskklynga i Norge - Nynorskhuset - neste år.

— Nynorskhuset står ferdig om åtte månader, og vi har allereie skrive under på leigekontrakten. Vi kan ikkje trekke oss no, og med det lemper staten prisen som må betalast over på publikum, seier Cecillie Grydeland Lundsholt.

Når 2 millionar skal hentast frå dagens driftsbudsjett, får det alvorlege konsekvensar: Færre produksjonar, mindre turnéverksemd.

Styreleiar i Teater Vestland, Rasmus Mo, peiker på at dette bryt med alle politiske lovnadar teateret har fått i arbeidet med finansiering.

— Prosessen med Nynorskhuset har gått over nesten fem år. I løpet av desse åra har signala både frå staten og eigarane, det vil seie Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune, heile tida vore at vi skal gå for Nynorskhuset. Det har vist att, ikkje berre i festtaler, men i løyvingane både frå staten og eigarane. Når vi no endeleg står på målstreken, trekker staten seg. Det bør få folk i Vestland til å reagere, seier styreleiar for Teater Vestland, Rasmus Mo.

Publikum i Vestland ikkje prioritert

Teatersjefen meiner det er noko som skurrar i årets kulturbudsjett.

Regjeringa foreslår å gi 23,3 milliardar kroner til kultur- og likestillingsfeltet. Teater Vestland får ein auke på 2,9 prosent i overføringane, men det dekker ikkje løns- og prisveksten og er i realiteten eit kutt, og altså inga støtte til husleiga i Nynorskhuset.

— Kulturminister Anette Trettebergstuen prøver å framstille budsjettforslaget til kulturfeltet som gode nyheiter for distrikta. Ho gjentek løftet om at uansett kor ein bur, så skal ein ha tilgang på god kunst, kultur og idrett. Men at dette budsjettet skal vere ei styrking av kulturlivet lokalt og regionalt, det er vi djupt ueinige i, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt og utdjupar:

— Teater Vestland er det største nynorske turneteateret i Norge. Vi kjem med teater til folk der dei bur lokalt og regionalt, og vi svarer på satsingane i Hurdalsplattforma: Fleire kulturarbeidsplassar, kultur der folk bur, styrking av nynorsken. Vi er ikkje døve for det som skjer i verda og at presset på den norske økonomien er stort, men med det statsbudsjettet som blei lagt fram i dag, er det i alle fall tydeleg at nynorsk scenekunst til folk som har busett seg i distrikta i Vestland, ikkje er ein prioritet, seier teatersjefen.

 
Heidi Hattestein