Podkast Bak maska: Om å regissere eigen dramatikk

Lene Therese Teigen både skriv og har regi på Mødrevariasjonar, eit verk laga på bestilling for Teater Vestland.

— Når ein går frå dramatikar til regissør, må ein kaste alle bitane opp i lufta og setje dei saman på nytt, seier Teigen i denne samtalen med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Det er ein prosess som kan utfordre og overraske. I Mødrevariasjonar er det spesielt éi scene som viser seg å romme både galskap og komedie.

Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Vestland. Podkasten har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar.