Podkast Bak maska: Kva er godt teater for heile familien?

Godt teater for heile familien er i alle fall _ikkje_ å lage to framsyningar i éi; den eine for barna og den andre for dei vaksne. Ei god familieframsyning samlar generasjonane i opplevinga. Kanskje er det eit ekstra lag der for dei vaksne, men det skal ikkje vere slik at barna sit der og ikkje forstår.

I Teater Vestland sin moderne versjon av Peter Pan - under den magiske månen har regissør Philipp Stengele plassert Wendy, John og Michael på gamleheimen. Der gløymer dei smerter og andre avgrensingar og leikar seg tilbake til barndommen, fortel regissøren i denne samtalen med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Vestland. Podkasten har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar.

podcastHeidi Hattestein