Når fortida ringer på

 

Har du noko frå fortida di som du helst skulle hatt ugjort? Er det nokon frå fortida di du ikkje vil sjå att? Kva om du ein heilt vanleg kvardag blei konfrontert med dette frå fortida di?

”Kvinna frå før” er eit dramatisk, spennande, humoristisk, mørkt og overraskande stykke. I stykket møter ein Frank og Claudia, som har levd i lag i over 20 år. Det er siste kvelden i huset før dei saman medtenåringssonen Andi skal flytte til ein ny stad. Brått ringjer det på døra. Ute står Romy, Frank sin eks, som kjem for å krevje inn løftet Frank gav henne for 24 år sidan om evig kjærleik og truskap. Stykket er ei kompromisslaus spenningshistorie om fortid og notid – og om å love å elske og ære kvarandre heilt inntil døden.

– Eg håpar at stykket ristar litt i publikum og at dei ber forestillinga med seg ei tid, fortel instruktør Terje Skonseng Naudeer om sitt nye stykke ”Kvinna frå før”. Stykket har norgespremiere på Sogn ogFjordane teater, og er skrive av dramatikaren Roland Schimmelpfennig.

- Herregud for eit steintøft stykke, seier Naudeer. Det er modig dramatikk. Schimmelpfennig har skrive over 30 stykke, og han er ein av dei leiande dramatikarane i Europa. Dette er noko av det beste han har skrive. Grunnplottet er enkelt, det er ei fortetta konflikt som spelar seg ut her og no. Temaet i stykket er familie og kor skjør den konstellasjonen kan vere. At ein må ta vare på det. Men det er vanskeleg å setje merkelapp på dette stykket, det femner om mange sjangrar. Det er både thriller og eksistensielt drama, samtidig som det har litt preg av farse med dører som går opp og igjen.

Kompromisslaus 

- I ”Kvinna frå før” skriv Schimmelpfennig om si største frykt; nokon kjem frå fortida og krev noko. Ein fare, eit trugsmål som snur opp ned på alt. Stykket er veldig godt skrive. Det er smart, konfronterande, og det skjer mykje i stykket som ikkje er uttalt. Han skriv scener som eg hugsar eg måtte bla tilbake og lese på nytt første gang fordi eg tenkte: Kva skjedde eigentleg no! Han er kompromisslaus. Det likar eg, seier Terje og fortel at dette er mangelvare i dag.

- Teaterstykket krev veldig gode skodespelarar, fordi dei har lita tid til å etablere karakterane på scena. Vi kan ikkje bruke halve stykket på å bli kjende med karakterane. Ein må vere på frå første stund, utan å måtte dragast i gang. Scenene skiftar fort, så stykket krev særs god timing. Men teaterfolk tenkjer og handlar raskt – og skodespelarane er dyktige – så det går fint, ler han og fortel om andre verkemiddel i stykket.

– Videodesignaren vår har ei viktig rolle i korleis publikum skal orientere seg i tidshoppa i stykket. Dette stykket hoppar vilt i tid, så det må vi markere på eit vis. Musikk blir også viktig. Musikk er ein umiddelbar inngang til kjensler, så det brukar vi bevist, både i øvinga og i stykket, avsluttar Naudeer.  

Ei tøff oppgåve

I arbeidet med stykket Kvinna frå før har skodespelarane møtt mange utfordringar. Manuset er tett og raffinert, med eit sterkt innhald. Dei veit lite om karakterane i stykket og historia hoppar i tid. Dei har verkeleg blitt satt på prøve.

- Vi får lite informasjon om karakterane i manuset, så vi forskar på dei. Kvifor reagerer dei som dei gjer når ting blir utstabile? Familien skal flytte, kvifor? Slike ting veit vi ikkje, så vi må å finne den historia sjølve. Dette er det kjekkaste vi veit. Vi er nerdar på liv. Vi elskar detaljar ved folk, det å finne grunnar og relasjonar mellom dei, seier skodespelar Ida Løken Valkeapää.

- Ein tek referansar frå eige liv inn i ein karakter. Nokre ting har sterkare klangbotn enn andre, og i blant treff ein noko djupare og vanskelegare i seg sjølv. Skodespelarar er så heldige å få lov til å leve seg inn i andre sine liv. Og leike. Det ligg i oss, seier skodespelar Anna Dworak. - Det er det dette yrket handlar om. Vi reiser rundt og fortel historier. Det må komme ut av eit overskot. Folk skal ta fri frå liva sine for å komme og sjå på oss. Då må vi ha noko å by på, fortel Ida.  Anna Dworak, som spelar Claudia, fortel at stykket tek for seg familien som ein viktig men skjør struktur. 

- Det er eit tøft stykke, med veldig stort potensial for å underhalde. Det tek for seg ting alle kan kjenne seg att i. Det stiller spørsmål ved familien som struktur. Familien er grunnsteinen i samfunnet vårt. Men den er ein veldig skjør ting. Eg håpar at folk kjem ut frå salen og tenkjer: for ein fin familie eg har! Den må eg ta vare på, og ikkje ta for gitt, avsluttar Dworak.