Lansering av teateråret 2018

Teaterprogrammet for 2018 inneheld nyskriven dramatikk, danseteater, monolog og klassisk, svart komedie - i tillegg til eit par reale overraskingar. Vi har sett saman eit program for både hjartet og hovudet. Det blir kjensler som vedkjem deg langt inn i sjela, men også problemstillingar som utfordrar tankeprosessane.

I lag er vi betre!

Nærare 200 amatørar vil skine i rampelyset i løpet av året. Så godt som halvparten av programmet - totalt fire produksjonar - er eit samarbeid mellom profesjonelle skodespelarar og amatørar. Ordet amatør betyr «ein som gjer noko fordi ho eller han elskar det», og i kombinasjon med profesjonelle teaterfolk som veit å hente ut det beste, blir det rein kjærleiksmagi. 

Amatørane kjem frå heile fylket, frå ytst i havgapet til inst i fjordarmane. Dei er kulturskuleelevar, dramaelevar og andre kulturglade folk. Dei er i alle aldersgrupper, frå åtte år til pensjonsalderen. 2018 er året du kan sjå både bestemora di og lillebroren din på scena. 

På teateret er mektig stolte av å kunne seie at Eg er i går står på plakaten. Framsyninga er resultat av eit stort arbeid som er lagt ned ved Sogn og Fjordane Teater. Manus bygger på intervju med godt vaksne innbyggjarar i fylket, frå nokre-og-sytti år og oppover, inkludert to hundreåringar. Dei står fram med fullt namn og autentisk fotomateriale, og dei fortel om liva dei har levd på godt og vondt. I tillegg har teateret hatt audition for eldre som er glade i å danse og eit knippe seniorar er plukka ut til å knyte framsyninga saman med dans. 

"Eg er i går" Foto David Bowen

"Eg er i går" Foto David Bowen

Arbeidsmetoden er ikkje ny for Sogn og Fjordane Teater som i 2006 fekk Heddaprisen for eit liknande researcharbeid til stykket Saman skal vi leve.  Teatersjef Bodil Kvamme har sjølv regi på stykket. Ho har med seg koreograf Hilde Sol Erdal og eit solid team av profesjonelle skodespelarar: Kyrre Eikås Ottersen, Marit Østbye og Irene Waage. 

I Nasjonal prøve slår vi oss saman med dramalinja på Firda vidaregåande skule. 12-13 dramaelevar speler ein skuleklasse som må forhalde seg til det verst tenkelege: trugslar om skyting. Stykket - skrive av vår eiga Maria Tryti Vennerød - spør om vi som samfunn tek godt nok vare på dei som er annleis. Med seg på scena har dei unge dramaelevane tre profesjonelle skodespelarar: Reidun Melvær Berge, Wilhelm Støylen og lærar ved Firda vgs, Vibeke Oskal. Jeff Pedersen har regi. Prosjektet varer eit heilt år, og levane lærer om alle sidene ved å lage teater, ein slags mini-teaterskule i skulen. 

"Nasjonal prøve" Foto David Bowen

"Nasjonal prøve" Foto David Bowen

Kinnaspelet står på programmet for 34. gong. Det er bortimot umogleg å fatte kor stort og viktig det historiske spelet er. Over hundre frivillige er i sving, saman med profesjonelle, for å flytte teateret ut på ei omfløymd øy ei lang og lys sommarhelg til endes. Spelet er ein publikumsmagnet kvart einaste år. 

Vi rundar av teateråret med ei lita perle av ei familieframsyning. Saman med kulturskulane i Førde, Jølster og Florø set vi opp Julekrybba, og med oss har vi ca 30 kulturskuleelevar i alderen 8-19 år. Framsyninga gjer ære på tradisjonane som gir den gode, varme julestemninga, men byr også på overraskingar. Lys, musikk og vakre kostyme gjer Julekrybba vakrare ein nokon gong.

"Julekrybba" Foto Oddleiv Apenseth

"Julekrybba" Foto Oddleiv Apenseth

Jeff Pedersen har regi på tre av fire samarbeidsprosjekt. Han er ein inspirerande og leiken regissør som amatørane lærer mykje av. 
- Amatørar kan aldri erstatte profesjonelle, men dei berikar teaterer. Å lage Kinnaspelet med nesten 150 profesjonelle skodespelarar let seg ganske enkelt ikkje gjere. I tillegg har folk i Flora eit heilt liv med erfaring frå området, seier han. 

I kvar sin ende

Éin klassikar og éin komedie med urpremière står på plakaten i 2018. 

Fysikarane av Friedrich Dürrenmatt er ein svart komedie, skriven i 1962 under den kalde krigen. Tre fysikarar er innestengde på lukka avdeling. Den eine trur han er Einstein, den andre trur han er Newton og den tredje er overtydd om at Kong Salomon openberrar seg for han. Eller er det berre eit skalkeskjul for å få tak i ei oppfinning som kan gi uendeleg makt og verdsherredømme? Det som skjer på scena er det glade vanvit. Fem skodespelarar går inn og ut av 12 ulike karakterar. Dei stel replikkar frå kvarandre og skiftar kostyme framfor alle. 

Robert Tomkiewicz, Kyrre Eikås Ottersen, Thomas Bipin Olsen, Lasse Lindberg, Idun Losnegård, Reidun Melvær Berge og Bodil Kvamme

Robert Tomkiewicz, Kyrre Eikås Ottersen, Thomas Bipin Olsen, Lasse Lindberg, Idun Losnegård, Reidun Melvær Berge og Bodil Kvamme

Humoristisk blir det òg når teateret har urpremiere på Yogakrigen. Stykket er ny, nynorsk dramatikk, skriven av Ingrid Jørgensen. Før møttest kvinner rundt kjøkkenbordet og snakka saman, no går dei på yoga og snakkar ikkje saman i det heile tatt. Men i tankane brølar dei. I tankane går dei til åtak på kvarandre og ikkje minst seg sjølve med sleivete kommentarar og emosjonelle molotov-coctailar. Publikum blir invitert inn på «slagmatta» i blackboxen. Dei får sjå begge røyndommane - både yogaen og krigen - skje på ein og same gong. 

Yogakrigen. Foto Oddleiv Apneseth

Yogakrigen. Foto Oddleiv Apneseth

Ønskereprise

«Ver så snill å la teateret komme til oss også», var det fleire som sa då På lokalet i 2016 turnerte rundt omkring på ungdomshus i heile fylket. Stykket var ein kjempesuksess. Det var lange køar og trengsel i døra. Teateret sette opp ekstraframsyningar og la til spelestader, men til slutt var det inga bøn. Siste klinedans tona ut.

"På lokalet" Foto Oddleiv Apneseth

"På lokalet" Foto Oddleiv Apneseth

No er det klart for ønskereprise, og denne gongen går turen til dei som blei «vegpryd» i første runde. Det er hælane i taket og høgt tempo på dansegolvet når ei handfull dansarar går inn og ut av fem tiår med mote og dansetrinn. 

- Ungdomshuset, grendehuset eller lokalet; det er ikkje så viktig kva du kallar det. Folk er glade i huset sitt, og dei støttar opp om det og tek vare på det. Vi har sjeldan opplevd større pågang frå publikum, seier teatersjef Bodil Kvamme. 

Kvinnene kjem til orde

I to år på rad har Sogn og Fjordane Teater vist Miriam si forteljing - Juleevangeliet i kyrkjer rundt omkring i fylket. No kjem Maria Magdalena - Jesu virke, nummer to i triologien om Jesus. Vi veit all kva som skjer i evangeliet, men sjeldan får vi høyre det på denne måten. Historia om Jesus blir fortalt gjennom kvinnene rundt han. I Jesu virke er ordet gitt til Maria Magdalena. Ho fortel at Jesus redda henne frå galskap og prostitusjon, og at dei hadde eit nært forhold. Forfattar Håvard Rem har skrive teksten, Marit Østbye har regien, og Reidun Melvær Berge fortel Maria Magdalena si historie.

Idun Losnegård (Miriam si forteljing), regissør Marit Østbye, Reidun Melvær Berge (Maria Magdalena - Jesu virke). Foto David Bowen

Idun Losnegård (Miriam si forteljing), regissør Marit Østbye, Reidun Melvær Berge (Maria Magdalena - Jesu virke). Foto David Bowen

Håvard Rem ønskjer at publikum skal sjå på historia med dagens auge: 
«Det vi i dag forstår som traume og psykiatri, blei den gongen sett på som vonde ånder. For meg som vaks opp i pinsemisjonen, er ikkje det så fjernt. På 60- og 70-talet dreiv dei framleis på med demonutdriving, og av ein eller annan grunn var det ofte kvinnene som var gjenstand for utdrivinga.» 

Sogn og Fjordane Teater er ditt og mitt teater - alle fjogningars teater! 

Sogn og Fjordane Teater lagar teater på vårt språk og våre dialekter, om ting vi bryr oss om. Vi vil at teateret skal kjennast som heime, enten folk kjem til oss på Førdehuset, eller vi kjem til folk rundt omkring i alle kommunane. 

- Vi prøver å spreie framsyningane. Nokre kjem til dei store kulturhusa, andre til mindre forsamlingshus og kyrkjer. Vi dukkar opp så mange stader som vi berre klarer, seier teatersjef Bodil Kvamme.

Teatersjef Bodil Kvamme. Foto David Bowen

Teatersjef Bodil Kvamme. Foto David Bowen

 
Lene Grande