Sogn og Fjordane Teater 40 år!

 

Sogn og Fjordane Teater opna dørene for publikum for første gang 28. oktober 1977. Den første framsyninga som vart oppført var ”Dei siste maksveringar”. 

plaka maksveringar.jpg

"Dei siste maksveringar" var ein satirisk komedie om fråflytting på 1970-talet.

Framsyninga handlar om naboane Mathias og Jonas som framleis ”driv” butikk, postopneri og båtekspedisjon på den elles avfolka øya Maksver. Kjerringane er for lengst flytta til fastlandet, men kjem no til Maksver for å “flytte” dei to øybuarane. Med på operasjonen er også dottera til Mathias og sosialsjefen i Austvågen kommune. Gjennom alvor og humor får vi følgje flytteoperasjonen. Her vert aktuelle tema som kommunesamanslåing, sentralisering, utkant-problematikk, utviklingsarbeid med meir trekt inn spelet.

Dramatikar Rolf Losnegård
Regissør Anne Gullestad
Musikk Per Janke-Jørgensen
Scenograf og kostymedesigner Christian Egemar

Medverkande:
Anne Gullestad
Gøril Haukebø
Lars Gåsdal
Per Christian Ellefsen
Rhine Skaanes
Rolf Berntzen

 
 Scenografien på "Dei siste maksveringar"

Scenografien på "Dei siste maksveringar"

Foto: Trygve Schønfelder

 
Lene Grande