TEATERSKULE FØRDE

 
Teaterskule_1249x426px.jpg

I samarbeid med Vestlandske Teatersenter og Sunnfjord kulturskule blir det teatertilbod for skuleåret 2021/2022. På teaterskulen skal vi jobbe med ulike teaterformer, teknikkar og improvisasjon.

 
 
 

Kunstnarleg konsulent

Beth Ramfjord er tilsett som kunstnarleg konsulent!

Stillinga er delt mellom Teater Vestland og Vestlandske Teatersenter, med fast arbeidsstad på Teater Vestland i Førde. Beth skal jobbe med amatørar i alle aldrar, og det er ho som skal få teaterskulen opp og gå.

Beth er frå Feios og gjekk friskt ut allereie i ungdomsåra. Ho var ungdomsrådsordførar i Vik kommune og revysjef på musikklinja ved Firda vidaregåande skule rundt tusentårsskiftet. Ho har gått to år på Jazzdans ved Bergen dansesenter og har ein master i musikkvitskap frå Griegakademiet, og no for tida held ho på å gjere ferdig ein master i drama og teater. Ho har komponert musikk til skodespela «Sandholm», «Til deg fra meg» og «Først blir man jo født», og ho har sett opp musikalversjonar av «Oliver Twist», «Annie», «Rent», «Les Miserables», «Cats» og «Løvenes konge».

Beth har erfaring som skodespelar også, men det er som instruktør ho verkeleg finn motivasjonen. Ho likar å jobbe i team, og ho likar å jobbe med folk som ikkje naudsynt har tillærte verktøy opp i ermet, men genuint vil lage teater.

— Regissør Dag Norgård, ein klok mann, sa at «regissøren skal teie stille». Det har eg tatt til meg. Styrer ein for mykje, kan ein kvele krativiteten hos aktørane, og det kjem ikkje fram noko nytt, berre ditt eige vræl, seier ho på klingande sognedialekt. Ho prøver å sitte stille i båten og vente på gullet.