SKOGSOPPLEVINGAR

 
 
 

ei teateroppleving på øyret

 Du er hermed invitert til ei annleis teateroppleving
– ein komposisjon med naturen som scenografi.


«Eg går ut i skogane fordi eg ønsker å leve eit bevisst liv, for å bli konfrontert med dei essensielle kjensgjerningane i livet og sjå om eg ikkje kan lære kva det har å lære meg, så eg ikkje ved slutten av livet skal oppdage at eg eigentleg ikkje har levd.»

                                                                                                     Henry David Thoreau

 
Grøne tilfluktsstader er kanskje viktigare i dag enn nokon gong, ein pause frå dei stressande, innsesittande liva våre. Skogen kallar på oss, han ventar på at vi skal oppdage han på ny, han minner oss om den tiltrekkande, mystiske og altoppslukande krafta i naturen. Men har naturen blitt noko framand for oss? Presser vi heile jordas historie inn i eitt år, har det moderne mennesket eksistert i 37 minutt og brukt opp ein tredel av jordas naturressursar på berre 0,2 sekund. Korleis finn vi tilbake til kontakten med naturen? Og kva for svar om oss sjølve og liva våre kan vi finne her?

Skog er lyd. Ein akkord av liv og død, ein tone som har sunge gjennom verdas skogar gjennom 300 millionar år. Regissør Elisabet Topp og komponist Eirik Havnes har saman skapt ein komposisjon du kan laste ned og ta med deg ut på tur. Du kan høyre på den på favorittplassen din i skogen, men du treng ikkje å gå lenger enn ut i hagen. Du startar gåande, og så får du beskjed om kva du skal gjere.

Teateropplevingar krev som regel at du må kjøpe billett og møte opp på ein bestemt stad til eit gitt klokkeslett. Med Skogsopplevingar tilbyr Teater Vestland ei gratis oppleving du kan laste ned og ta med ut på tur når det passer for deg, og som du kan lytte til igjen og igjen. Det er ei oppleving du har åleine her og no, men det er sjølvsagt ingenting i vegen for å gå saman med vener eller familie - og så kan de snakke om opplevinga etterpå. Opplevinga er skapt for vaksne. 

Du kan laste ned lydopplevinga eller strøyme den direkte, og du speler den av med mobilen din og høyrer på den med høyretelefonar eller øyrepluggar. Du finn Skogsopplevingar der du til vanleg strøymer podkast, eller på heimesida vår teatervestland.no.

Teater Vestland har også inngått eit samarbeid med dagsturhyttene. Nesten alle kommunane i Vestland har dagsturhytter, og der vil det henge ein QR-kode som du kan skanne, og så kjem du rett til lytteopplevinga på nettsida deira dagsturhytta.no.

 

Gjennom denne lydopplevinga inviterer vi til å sjå verda kring deg med nye auge.

 

God tur!

 

Kor lyttar ein til podcast?

Om du er usikker på kor du lyttar til podcast, så finn du informasjonen du treng HER .

 

Vil du henge opp ein plakat med informasjon om Skogsopplevingar? Då kan du laste ned fila HER.

 

PODCAST: BAK MASKA

Lyst på ein skule(halv)time om binaural lyd? Då vil du ikkje gå glipp av denne episoden av podkasten vår Bak maska. Lyddesignar og komponist Eirik Havnes og regissør Elisabet Topp snakkar seg varme om lyd og høyrsel i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Dei har laga Skogsopplevingar, ei teateroppleving på øyret. Det er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i naturen, og som får deg til å oppleve både det du kan sjå og det du ikkje kan sjå. Skogsopplevingar tar i bruk binaural lyd, også kalla 3D-lyd, og her får du vite det meste av det du treng å vite. Jepp, dette er ein podkast om ein podkast.


KUNSTNARLEG LAG

Regissør Elisabeth Topp
Lyddesignar Eirik Havnes
Medverkande: Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen og Carina Furseth