MØDREVARIASJONAR

 

Foto: David Zadig

 

Sara, Kristine, Ingrid og Marianne er alle førstegongsfødande. Vi møter dei som høggravide og følgjer dei gjennom ti år. Mødrene deira dukkar også opp, i tillegg til bestemødrer, vener, kjærastar og tanter. Dei bur på ein plass der nesten alle kjenner nesten alle, og slik kan dei ikkje unngå å møtast.

Mødrevariasjonar er nyskriven, nynorsk dramatikk. Dramatikar og regissør Lene Therese Teigen har skapt ei verd med ulike variasjonar over det å vere mor, med vestlandsblikk. Publikum vil få assosiasjonar til eigne liv og erfaringar, utan at det blir for krevjande. Korleis vere mor, korleis takle eiga mor og korleis ha samvit til ikkje å bli mor?

Framsyninga ser med skråblikk på lukkelege og ulukkelege omstende. 4 skodespelarar fyller 16 roller i denne leikne forteljinga, som rommar både vemod og glede, strikking og barnevogner.

Ta med deg ei mor du kjenner på teater!

Stykket har urpremiere i Førde 24. februar og er på turné til kulturhus i Vestland fram til 18. mars.

Framsyninga varer i 1 time og 50 min.

 

TEATERMELDINGAR

Teater Vestland har treft blink: Har skrive seg inn til beinet av det å verte mor. - NRK.no

“Eg tilrår alle kjønn ein tur på Teater Vestland. Særleg menn – dei har og ei mor, ei syster, kanskje ei dotter eller ein jentekjærast, og dei kan få eit lite innblikk i den løyndomsfulle verda til kvinner når ingen menn er til stades.” - Scenekunst.no

På veg ut frå premieren tenkjer eg likevel raskt gjennom planane eg har for vekene som kjem, sjekkar turnèruta og kalenderen. Så kjøper eg tre billettar: Ein til mor mi, ein til søstera mi og ein til dottera mi.
- Norsk Shakespearetidsskrift.no (+)

“Det handlar om mødrer. Vestlandsmødrer. På godt og vondt. Når teateret snart legg ut på vestlandsturné, vil eg absolutt anbefale folk å ta turen. Med, eller utan ei mor.” - Firda.no (+)

Dialogene er ofte både såre og morsomme på samme tid. De fire skuespillerne gjør solide tolkninger med sjarm og energi, og som firkløver favner de over mange typer mødre og nyanser -Bergens Tidende (+)

På i underkant av to timer klarer denne forestillingen også å si noe fint, vemodig, håpefullt og tankevekkende om livet. Som far, sønn og skilt mann fikk jeg mye ut av «Mødrevariasjonar». - Åsane Tidende (+)

God tekst og fint samspel viser kva det vil seie å vere kvinne iverda…I ein avlorsmunter leik gir dette nyskrive stykket både god underhaldning og mat for tanken. - Dag og Tid (+)

 

PODCAST - BAK MASKA

Lene Therese Teigen både skriv og har regi på Mødrevariasjonar, eit verk laga på bestilling for Teater Vestland. — Når ein går frå dramatikar til regissør, må ein kaste alle bitane opp i lufta og setje dei saman på nytt, seier Teigen i denne samtalen med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. Det er ein prosess som kan utfordre og overraske. I Mødrevariasjonar er det spesielt éi scene som viser seg å romme både galskap og komedie.

Lene Therese Teigen har skrive Mødrevariasjonar som vi opnar 2023 med her på teateret. 4 skodespelarar fyller 16 roller. Teigen er opptatt av å skrive gode roller for kvinner, som noko meir enn bikarakterar i menns liv. Det handlar ikkje om kvinnesak først og fremst. Det skjer noko interessant når éin skodespelar har fleire roller, og det er tydeleg for publikum at hen går frå den eine til den andre. Skodespelaren kjem meir fram som seg sjølv på scena, fortel dramatikaren i denne praten med teatersjef Cecilie Grydeland. Lundsholt.

Produsert av Rakkar as

Podcasten Bak maska er også på Spotify

 

FRAMSYNINGSFOTO

Foto: Espen Nyttingnes

 

AKTUELT

Etterord

Alle kjenner ei mor

Dei fire skodespelarane speler seksten ulike roller i Mødrevariasjonar. Vi møter dei på scenekanten for ein prat om kva morskap er for dei.

 

KUNSTNARLEG LAG

Dramatikar og regissør Lene Therese Teigen
Scenograf og kostymedesignar Christine Lohre
Komponist Tov Ramstad
Lysdesignar Krystian Myska
Språkkonsulent manus Tove Bakke  

MEDVERKANDE Oda Alisøy, Carina Furseth, Idun Losnegård og Katrine Lunde Mackenzie