Grevinna og hovmeisteren

 

Film: Scenisk fiksjon

 
 
 

Det vert ikkje jul før vi har sett den påsegla hovmeisteren rope «schkål» til grevinna og snuble over tigerskinnet. Same procedure as every year. Og det i meir enn førti år, sidan NRK begynte å sende sketsjen på TV kvar lille julaftan i 1980.  

På engelsk heiter sketsjen «Dinner for one». Den vart skriven på 1920-talet og filma i 1963. Her i Norge viser vi den sveitsiske versjonen, sett av meir enn ein million norske TV-tittarar kvart år. I opphavslandet England er sketsjen derimot ukjent.

To som heller ikkje kjenner sketsjen, er dei mannlege skodespelarane som skal framføre den for deg. Dei har aldri sett den originale versjonen, og på toppen er dei elendig førebudde og har svært dårleg tid. Det fører til forviklingar. Kva er det lov å le av i dag, og er den folkekjære klassikaren eigentleg innanfor?

Denne kvelden møter du Grevinna og hovmeisteren slik du kjenner dei, og i tillegg får du mykje meir. Det blir spennande og hysterisk morosamt.

Komedien skal på turné til grendehus i Vestland i julebordsesongen i november og desember. 

Framsyninga varer cirka éin time.

 

 

TEATERMELDINGAR

Grevinna og hovmeisteren er Teater Vestland på sitt mest folkelege. Her er det mykje å hente, både for dei som vil utfordre eigen etikk, og for dei som berre er ute etter ein latter før julebordet. - Firda

Forestillingen ser ut til å navigere etter mottoet «det er ikke bra før det er litt dårlig» og ofte er forestillingen på sitt aller beste når den er aller teitest. - Bergens Tidende

 

PODCAST - BAK MASKA

Teater Vestland sin versjon av Grevinna & hovmeisteren er ein smart komedie som glir inn i samtida og eit politisk landskap, der det ikkje alltid er så lett å vite kva som er korrekt. Humor må ha ei meining og ikkje vere stereotypi for stereotypiens skuld, seier regissør Bjørnar Lisether Teigen og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt i denne episoden av Bak maska. På den andre sida vil dei gjere noko med dei opplever som eit misforhold. På vorspiel med minoritetar til stades er det mykje større takhøgde enn i det offentlege rom. For å motverke polarisering i samfunnet bør vi kanskje prøve å møtast litt meir på midten?

 

PRESSEFOTO

Foto: David Zadig
Plakatfoto: Espen Nyttingnes

KUNSTNARLEG LAG

REGI OG VISUELT UTTRYKK Bjørnar Lisether Teigen 
DRAMATIKAR John Fiske
Basert på «Dinner for one» av Lauri Wylie 
LYSDESIGNAR Krystian Myska 
OMSETJING TIL NYNORSK Terje Lyngstad
MEDVERKANDE Peder Lauvås og Harald Ottesen Nødtvedt