Sommarles - Det usynlege barnet

 
sommarles logo (002).jpg

No står ein lang sommarferie for døra. Kva skal borna finne på i nesten åtte veker? Sommarles er noko som både er morosamt og lærerikt som kan vere med å fylle dagane i ferien. 1. juni gjekk startskotet for ein landsomfattande lesekampanje i regi av folkebiblioteka. Alle skuleborn frå 1.-7. klasse er invitert til å delta. Kampanjen er gratis. Den varer ut august, og har som må å skape leseglede og gode leseferdigheiter.

Sommarles er ein digital lesekampanje for barn i 1. - 7. klasse. Målet er å lese så mykje som råd i løpet av kampanjeperioden (1. juni - 31. august) og å samle XP (poeng). På nettsida til Sommarles kan borna sjølve registrere bøkene dei les, dei kan sjå kva andre les, dei får gode lesetips og ikkje minst: Dei kan via nettet følgje med på ei spennande historie med eit nytt kapittel kvar veke. Hovudaktiviteten er likevel å lese heilt vanlege papirbøker. Etter kvart som borna les, samlar dei poeng og digitale trofé. På biblioteket kan borna også belønning i form av små gåver undervegs.

Teater Vestland skal vere med på ein del av Sommarlesfestane, som markerer avslutninga på kampanjen i august/september. Skodespelar Reidun Melvær Berge og dokka Ninni kjem til å dukke opp på fleire av biblioteka rundt om i fylket.

2020 Teater Vestland Eventyrrom (1).jpg

Velkommen til forteljarteater med Reidun Melvær Berge frå Teater Vestland. På sommarlesfesten har ho med seg vesle Ninni, og saman skal dei formidle evntyret om om det Usynlege barnet av Tove Jansson

Ein regnfull haustdag kjem ein gammal kjenning uventa på besøk til Mummi-familien. Det viser seg raskt at ho ikkje kjem åleine. Ho vil at Mummifamilien skal passe på ei lita jente som heiter Ninni. Men det er ikkje berre lett når Ninni er usynleg! Klarer Mummitrollet og familien å hjelpe den usynlege jenta til å bli synleg att? Korleis gjer ein eigentleg det?

Bli med på Sommarlesfesten på ditt bibliotek og høyr Reidun fortelje sitt favoritteventyr om Mummitrollet, Lille My, Ninni og Too-tikki. Dette fine eventyret er ei nydeleg historie om tid og omtanke – noko som vi alle kan ta med oss i kvardagen.

Sommarlesturnéen er eit samarbeid med Vestland fylkesbibliotek.