Eventyrrommet 2020

 
 

Kom alle saman,
bli med til eventyrland!

Mange undersøkingar peikar på at eventyret har viktige funksjonar i barnet si utvikling og læring: Ordforrådet skil seg frå daglegtalen, ein møter nye ord ein spanande samanheng. Dei faste strukturane i eventyret vil barnet kjenne igjen, lære seg og ta i bruk i sine eigne forteljingar. Eventyret er også ei øving i å følgje ein tekst av ei viss lengde og skape bilder og meining ut frå språket. Psykologen Bruno Bettelheim (1903-1990) hevda at barn si evne til empati vert utvikla gjennom å identifisere seg med eventyrheltene, fordi slike møter dannar mønster for innleving og mot.

På repertoaret i Eventyrrommet står “Geitejazz”, “Nordavinden” og “Det usynlege barnet”. I tillegg blir det fleire iscenesette lesingar og forteljarteater som dukkar opp i løpet av året.

Det vert også aktivitet i Eventyrrommet når det skjer arrangement på Førdehuset som til dømes Bornas Verdsdagar Førde, Jul i Førdehuset og nokre av familielaurdagane.