Vinje, vår mann "koffertversjonen"

 
2019 Kyrre øver til Vinje_Foto Charlotte Prydz Ottesen.jpg

- Alt blir eit eventyr i hans penn

6. april 2018 var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Vinje var den første som tok det det nynorske skriftspråket til Ivar Aasen ut i det offentlege rommet. I fjor feira Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein litterær konsert- og teaterproduksjon, nemleg «Vinje, vår mann». Forfattar Lars Amund Vaage fortalde kva Vinje har betydd for han, medan han blei akkompagnert av tenor Aasmund Kaldestad på piano og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen som las tekstar av Vinje. Men der Ottersen i fjor var del av ein trio, skal han denne gongen ut på vegen åleine:

- Det blir eit meir komprimert manus denne gongen, men det blir ei fin og intim stund som handlar om Vinje og nokre av songane hans som er tonesett. Det blir ein biografisk halvtime om Vinje i visestil, fortel Kyrre.

Han strekar under at han er audmjuk når han no arbeider med materialet åleine:

- Dette er Lars Amund sin tekst og hans møte med Vinje i frå barndommen. Han hadde eit sterkt forhold til han, og det er gjennom hans syn og hans stemme eg formidlar tekstane til Vinje, forklarar Kyrre.

 

Kjempa for like rettar

Publikum vil mellom anna få høyre dikta «Der du gjekk fyre» og «Ved Rondane», i tillegg til utdrag frå boka «Ferdaminni frå sumaren 1860». Det var særleg sistnemnde som trefte Kyrre: 

- Første gong eg leste Ferdaminni var til produksjonen i fjor, og det var ei stor oppleving. Det eg synest er så fint med Ferdaminni er at den består av veldig mange møter med folk og han skildrar desse møta så poetisk. Han var så glad i menneske. Eit godt døme er ein tekst om eit møte oppe på ei seter med nokre budeier. Alt blir eit eventyr i hans penn, fortel han og held fram:

- Det er spennande å lese om ein mann som stod på og kjempa for korleis samfunnet skulle vere. Han var praktisk og hadde tankar om alt i frå korleis ein skulle drive ein gard, til korleis ein skulle behandle dyr. Han såg på ting som var skeivt i samfunnet og var oppteken av like rettar. Han blei motarbeidd og sett ned på av dei som bestemte, men gav seg ikkje. Han kjempa for nynorsken og for at folk skulle få seg ei utdanning, uansett kva stand ein høyrte til. Det er ein fantastisk mann å få lov å formidle tekstane til.

 

«Koffertversjon»

Då trioen var på turné med «Vinje vår mann» i 2018, spelte dei i ulike kulturhus i Sogn og Fjordane og Hordaland. Denne gongen skal Kyrre åleine ta med seg gitaren og reise rundt til mellom anna pensjonistlag, omsorgssenter og sjukeheimar:

- Sist hadde vi med flygel og operasong, medan det denne gongen blir ein meir «nedstrippa» variant, berre gitaren og eg. Det blir ein slags, ja, kall det ein «koffertversjon», smiler Kyrre.

Teateret held i desse dagar på å legge kabalen for turneen:

- Vi kjem til å ha fleire speleperiodar i løpet av året, og arrangørar, lag eller organisasjonar som ynskjer å få besøk av denne fine framsyninga, kan gjerne ta kontakt med oss på teateret, oppmodar informasjons- og marknadssjef Lene Grande.

Sjølv er Kyrre spent på korleis han kjem til å bli teken i mot:

- Sist gong kom jo publikum til oss, men no er det eg som reiser til dei. Eg er spent på å sjå kor sterkt Vinje og historiene hans sit hos dei eldre her i fylket, avsluttar han.