Mykje godt i vente til våren / podkast BAK MASKA episode 4

 

Nedanfor kan du høyre teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt snakke om vårprogrammet saman med tidlegare teatersjef Terje Lyngstad. Det blir drama, humor, musikalsk heilaftan på bygdehuset, utvida verkelegheit, popup-teater og endeleg - etter to avlyste år - Kinnaspelet!

I tillegg kan du høyre siste nytt om Nynorskhuset, Nynorsk scenespråksenter og dessutan at teatersjefen - trass klingande austlandsdialekt i dag - faktisk begynte å snakke på nynorsk dialekt. 


Musikk og nye komposisjonar pregar våren på Teater Vestland:

LYDEN FRÅ INNSIDA

Komponist Marianne Stranger miksar daglegdagse lydar med elektroniske element og trommer - og formidlar den indre verda til karakterane på scena.

HITTANE FRÅ FØR

Are Kalvø snakkar om meininga med livet med utgangspunkt i eit knippe hittar som har lege på toppen av VG-lista dei siste tiåra. 

ELEKTRONISK MIKS

Jakob Sande sine dikt er sette inn i eit elektronisk og ambient lydlandskap i denne heilt nye Jakob Sande-framsyninga. Med Idun Losnegård og Viljar Losnegård.

BLUES & BLUEGRASS

Ein katt og ei mus bestemmer seg for å lage eit skikkeleg tøft band. Idun Losnegård og Jacob Wyrtz står på scena i dette bluegrasseventyret for dei minste.


Podkasten Bak maska er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Vestland. Podkasten til Teater Vestland har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar.

Podcasten er tilgjengeleg her:

  • Filma podcast på YouTube-kanalen og Facebook-sida vår

  • Spotify

  • Google podcast

  • Sprei.no

 
podcastHeidi Hattestein