Fem elevar på teater

 

I dag er «Eg er i går»-gjengen på plass i Florø og skal spele to framsyningar. Den første var for nærare 300 ungdomsskuleelevar frå 9. og 10. trinn i samband med Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane.

Vi tok ein prat med fem av dei etter framsyninga og stilte dei følgande spørsmål:

1. Kva traff deg mest i dette stykket?

2. Vil du tilrå dette stykket til eldre eller yngre menneske, og kvifor?

3. Fekk du nokre tankar om eigen alderdom etter å ha sett denne framsyninga?


Markus Stavang Stubhaug (13):

Markus Stavang Stubhaug (13).jpg

1. Det eg likte best i framsyninga var nok historiane om krigen. Det var også veldig fint å få høyre om korleis den generasjonen har vekse opp, på gårdane og sånn. Det fikk meg faktisk til å få ganske dårlig samvit fordi eg er en latsabb, samanlikna med dei.

2. Eg trur dei eldre vil like stykket veldig godt, mens dei yngre treng å sjå det for å forstå fortida si.

3. Nei, i grunn ikkje.

Tora Skudal (13)

Tora Skudal (13).jpg

1. Krigshistoriane var veldig interessante å høyre på.

2. Alle må sjå det. Dei yngre kan lære og dei eldre kan mimre!

3. Eg føler meg heldig som slepp å oppleve krigen og som no lev i eit meir likestilt samfunn. Eg håpar det held fram slik.


Emma Vågene (14):

Emma Vågene (14).jpg

1. Det eg likte best var den scena når det blei veldig mørkt og papirflya kom inn på scena, når krigen kom.

2. Eg meiner at både dei eldre og dei yngre bør sjå. Dei eldre vil nok like formatet godt, medan dei yngre vil lære mykje. Ein vil få ulike ting ut av å sjå framsyninga.

3. Eg har lyst å vere aktiv når eg blir eldre, slik som dei som var med og dansa til dømes.

Live Bakke Nydal (14)

Live Bakke Nydal (14).jpg

1. Noko av det eg sit mest igjen med er kontrasten og skilnadane mellom korleis ting var då og korleis ting er no.

2. Det er viktigast at det er vi unge som får sjå dette stykket, trur eg. Det er jo mange som ikkje tenker over at vi faktisk har ei fortid.

3. Eg håpar at når eg blir eldre, så kanskje eg kan få sjansen til å fortelje mi historie også.


Henrik Heggheim Haugland (14)

Henrik Heggheim Haugland (14).jpg

1. Eg syns det var veldig stilig når dei flya kom inn på scena og det blei heilt mørkt.

2. Vil anbefale stykket til alle, men særleg til dei yngre. Det er viktig for oss å få ei forståing av historia vår.

3. Eg håpar at eg kan fortelje om noko spennande eg har opplevd i mitt liv, men akkurat krig håpar eg at eg slepp å oppleve.

 
Lene Grande