Bak maska, e14: Ei teateroppleving på øyret

Lyst på ein skule(halv)time om binaural lyd? Då vil du ikkje gå glipp av denne episoden av podkasten vår Bak maska. Lyddesignar og komponist Eirik Havnes og regissør Elisabet Topp snakkar seg varme om lyd og høyrsel i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Dei har laga Skogsopplevingar, ei teateroppleving på øyret. Det er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i naturen, og som får deg til å oppleve både det du kan sjå og det du ikkje kan sjå. Skogsopplevingar tar i bruk binaural lyd, også kalla 3D-lyd, og her får du vite det meste av det du treng å vite.

Jepp, dette er ein podkast om ein podkast.

Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Vestland. Podkasten har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar.