Premièreaktuelle Østbye

 
Foto: Espen Nyttingnes

Foto: Espen Nyttingnes

Marit Østbye (71) er ein røynd skodespelar som i over 50 år gitt oss meiningsfull og underhaldande scenekunst.

Ho har hatt mange ulike roller og ein av suksessane som fortsatt lever i beste velgåande er «Blindpassasjer» frå 1978, skriven av Jon Bing og Tor Åge Bringsverd. Denne TV serien som gjekk på NRK vert rekna som den første Norske Science Fiction – serien.

Vegen til skodespelaryrket

- Det er alltid den siste rolla som eg til ei kvar tid jobbar med som er den mest viktige, seier Marit.

Ho vaks opp som mange andre med foreldre som flytta mellom fleire ulike bygder og byar. Då ho kom til Oslo som tenåring og starta på Gymnas kom interessa for teater og skodespelaryrket. Ei veninne som var rekvisitør på skuleteateret var starten på det heile, der Marit etterkvart vart ein ivrig medhjelpar. Østbye vart så nyfiken på korleis ein best muleg kan fortelje og formidle historier til andre, at valet om utdanning i skodespelaryrket var lett å ta.

Gjestfritt på Vestlandet

Det fine med teater på størrelse og lokasjonen som Teater Vestland er at ein får jobbe meir effektivt og ha høg konsentrasjonen om innlæring av stoffet. I tillegg har det alltid vore veldig hyggelege og gjestfrie mennesker som jobbar ved Teater Vestland, som gjer det trygt og godt å vere her.

Marit si komande rolle ved Teater Vestland er «Maria Jesu Mor». Forteljinga er kjent for dei fleste, men i denne framsyning vert historia sett frå ei mors- og kvinneperspektiv. Det er krevjande å vere aleine på scena, men det er og det som gjer det spanande og utfordrande. Spesielt det å formidle denne sterke historia for publikum i dei mange kyrkjebygga vi skal besøke.

Vi håpar publikum vil oppleve denne framsyninga i kyrkjene, og at dei vil vere nyfiken på at det nettopp er frå ei kvinne sin ståstad historia vert fortalt frå.