Kurs: Dialektovergang

 

Å spele på Nynorsk - Ekte og levande

Har du kjent deg usikker på scena? At du ikkje er levande nok, ikkje får «tak» på teksten eller ikkje får ut potensialet ditt som skodespelar - at det rett og slett er noko som ikkje fell på plass?

Dette er typiske utfordringar som mange skodespelarar seier at dei møter når dei skal bruke eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen dei bruker til vanleg.

I kurset arbeider vi oss gjennom metoden for dialektomlegging, eit nyttig verktøy i møte med eit nytt eller uvant scenespråk. Kurset rettar seg mot skodespelarar og fokuserer på nynorsk, men vil vere nyttig og aktuelt uansett kva scenespråk ein bruker, eller kva språk- og dialektbakgrunn ein har. Kurset er også relevant for andre som direkte eller indirekte jobbar med formidling av språk, for eksempel regissørar.

Som deltakar lærer du ein metode for systematisk dialektomlegging i arbeidet ditt. Det vil gjere deg sterkare i møte med tekst og scenespråk slik at du raskare finn kjerna i karakteren, blir trygg på scena og er open for samspel med andre.

Undervisinga er lagt opp med foredrag og praktiske øvingar, og deltakarane vil få meir informasjon etter kvart som kurset nærmar seg. Kurset er eit samarbeid mellom Norsk Skuespillersenter og Teater Vestland.


Dato: 5.-7. september

Stad: Førde, Teater Vestland

Tidspunkt:

7. september: kl. 12 – 19 (startar med lunsj)

8. og 9. september: kl. 10-16 begge dagar

Pris: 700 kr/800 kr

Søknadsfrist: 22. juni

Medlemmar i Norsk Skuespillerforbund får rabattert pris på kursavgifta.

Overnatting

Kursdeltakarar får spesialpris for overnatting gjennom Teater Vestland. Reservasjon gjerast via e-post bransje@teatervestland.no. Førstemann til mølla gjeld her.

Førde pensjonat: kr 250,- per natt per person

Thon Hotel Førde: kr 650,- per natt per person

 

INSTRUKTØR: ELDBJØRG LOGNVIK

Kurshaldar Eldbjørg Lognvik er utdanna lærar og logoped, og ho underviste på skodespelarutdanninga ved Statens Teaterhøgskole, seinare Khio, i mange år.

I 2005 leverte ho hovudfagsoppgåve om problematikken rundt dialektovergang; kva skjer med stemme og kroppsspråk når vi skal bytte dialekt eller språk?

I 2013 flytta ho tilbake til heimbygda Flatdal i Telemark, og har dei siste åra arbeidd innanfor stemmebehandling, stemmeutvikling og språkarbeid/dialektovergang i ulike samanhengar, mellom anna ved Nationaltheatret, NRK og filminnspelingar.

I 2015 gav ho ut boka «Publikum på alle kantar», ei handbok i stemme-og språkarbeid som er basert på pensum ved skodespelarutdanninga, god faglitteratur og erfaringar gjennom mange års praksis.

 

Ei innhaldsrik veke i Sunnfjord!

Kurset ligg saman med tre andre arrangement som skjer i same veke i same område: Bransjetreff, Fagsamtalar om scenekunst for barn og unge med Kulturtanken og Scenekunstbruket, samt Teaterfestivalen i Fjaler. Så om du har til og moglegheit, kan du få fagleg påfyll, bli kjent med nye og betre kjent med gamle, oppleve teater, delta i diskusjonar om kva feltet er og kva det treng – i ei og same veke!

Bransjetreff 8. og 9. september

Teater Vestland inviterer alle kursdeltakarar og scenekunstfeltet til Regionalt bransjetreff i Førde! I to dagar fokuserar vi på bransjen i Vestland fylke. Kven er vi? Kva treng vi? Vi møtast og presenterer oss sjølve og våre kunstnarskap, deler erfaringar, råd, utfordringar og moglegheiter. Vi kjem med meir detaljert info når det nærmar seg, men ønskjer at du held av datoane allereie no!