Bransjetreff

 

REGIONALT BRANSJETREFF I VESTLAND 

I 2020 vart Sogn og Fjordane og Hordaland det nye fylket Vestland. Regionreforma slår saman to fylke som har mykje tilfelles men det nye fylket har og større avstandar. Gjennom regiontreff og faglege samlingar ønsker Teater vestland saman med feltet å undersøke kva samanslåinga kan skape av moglegheiter for scenekunstnarane i det nye fylket. Som regionteater ynskjer Teater Vestland og å knyte band til kunstnarane i eige fylke, og å sjå kva for synergiar som oppstår når vi aktivt møtast. Det tek tid å skape ein felles identitet. Vi vil starte med å skape møteplassar og moglegheiter for å bli kjende på ulike måtar.  

Regionalt bransjetreff går over to dagar og startar i Førde 7. september. 8. september går turen til Teaterfestivalen i Fjaler og dag 2 er på festivalen.   

Kven kan melde seg på?   

Alle som jobbar med teater og dans, både utøvande og skapande. Regissørar, koreografar, skodespelarar, dansarar, scenografar, kostymedesignarar, lysdesignarar, dramatikarar, produsentar og andre. Det gjeld og komponistar, musikarar og forfattarar som komponerer og skriv for scene. 

7. september  2022

12.30 : Velkommen og informasjon 

Teater Vestland og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt ønsker velkommen.   

12.45 -  13.15: Lunsj 

13.15 - 14.30: Kven er vi i bransjen i Vestland fylke?   

Bransjetreff skal vere ein arena for å bli kjend, få fagleg påfyll og inspirasjon, både for å styrke bransjen regionalt, men òg for å gi inspirasjon og nye referansepunkt.

14.30 - 15.30: Moglegheiter i Vestland fylke

Regional plan for kultur, idrett og friluftsliv 

Vestland fylkeskommune har starta arbeidet med Regional plan for kultur, idrett og friluftsliv. Dette skal bli den langsiktige planen for utviklinga av kulturfeltet i Vestland fylke og kjem til å gjelde frå 2023 til 2035. I september skal planen ut på høyring og fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd kjem for å snakke om den nye regionale planen som vil forme kulturlivet i Vestland Fylke dei neste 12 åra.   

15.30 - 15.45: Teater Vestland presentasjon og framtidsplanar 

15.45: Frukt og kaffi

16.00 - 17.30: Moglegheitsworkshop.  

Middag og fest 

8. September 2022

09.00- 10.00: Presentasjon av DKS Vestland

No nærmar det seg søknadsfrist for turne skuleåret 2023/2024. DKS i Vestland fylkeskommune kjem for å presentere korleis dei jobbar i det nye storfylket vårt og med tips og triks til søknadsfristen 1. oktober.

10.00 – 11.15: Korleis starte eige kompani og leve av det?  

Kjell Moberg kjem for å dele sine erfaringar, tips og råd rundt korleis starte eige kompani og gjere det til ein arbeidsplass som det er mogleg å leve av.

11.15 - 12.15: Reise til Fjaler  og Teaterfestivalen i Fjaler

12.30 - 14.00: Testløpet  framsyning på bana ved ungdomsskulen i Dale

14.00: Lunsj og Samtale med Torkil Sandsund om moglegheiter for frilansarar i det nye Samvirket.

15.00 - 16.00: «Teateret sines moglegheiter og utfordringar» Torsdagspanel med Kulturtanken.

Torsdagspanelet er ein samtale som vil kretse kring to store spørsmål:

1) Kva treng scenekunstfeltet for barn og unge i dag?

2) Korleis vil vi som bransje jobbe med det?

16.00 - 16.30- middag 

Moglegheit til å reise heim eller bli verande! 

SØKNAD OMTILSKOT TIL REISE OG OPPHALD

Er du tilknytta Proscen, Bergen Dansesenter eller Vestland krets av Norsk skuespillerforbund er det mogleg å søkje tilskot til reise og opphald. For alle andre er det mogleg å søkje tilskot frå Teater Vestland.