Løyndomar som lokkar

Innerst i denne historia finst ein thriller, eit drama som dirrar av løyndomar. Det er desse løyndomane som lokkar meg til å lage teater av ”Fugletribunalet”. 

- Vi har leita fram dialogen mellom dei to. Allis og Bagge. Og så lèt vi skodespelarane utforske kven dei er.  Dei kjem frå kvar si verd. Han er mann. Ho er kvinne. Han har dette typiske vestlandslynnet. Traust. Tilbakehalde. Men med kjenslene rett under huda, sterke og levande. Innestengde likevel, forklarer Trond Lie som er regissør for Sogn og Fjordane teater si iscenesetting av Agnes Ravatn sin roman ”Fugletribunalet”.

-Eg er så glad for at eg har fått Kyrre i rolla som Bagge! Han har alt som trengst for å gjere levande denne karakteren. Ikkje minst har han eit fantastisk språk! Reint språkleg blir Bagge jølstring i vår versjon, smiler Trond Lie.

Så kjem Allis. Frå byen. Frå ei anna verd. Kven er ho? Litt etter litt forstår Bagge  at Allis ber på ei skam. - Eg er veldig begeistra for denne forteljinga, eg opplever at romanen til Ravatn kommuniserer noko som gjeld oss alle. Ho forstår mannen, og eg trur også at ho forstår kvinna. I Anne Kokkin si rolletolking blir det komplekse ved Allis tydeleg for meg, forklarar regissøren.

-Bagge ber på ei sorg. På ei synd. Som han sonar, det skjønar Allis. Men kva har han gjort? Allis veit ikkje, men ho blir dregen mot denne tause, tilbakehaldne og tiltrekkande mannen. Han er irrasjonell, kanskje farleg? Men ho vil ha han! Det som først ser ut som ein spennande thriller utviklar seg til eit erotisk drama mellom dei to, utdjupar Trond Lie

- Har du sett ”Postmannen ringer alltid to ganger”? Slik er det også i ”Fugletribunalet”. Ting skjer, først ein gong, og så ein gong til. Kvar situasjon, kvar scene kan bety to ting. Minst! Forteljinga blir som eit abstrakt måleri, det er opp til den som ser å sjå kva som finst i bildet. På same tid er det ei intens spenning i dette tolkingsrommet. Kva er det eigentleg som har hendt? Korleis kjem dette til å gå?

- Eg likar meg veldig godt ved dette teateret. Eg har vore her to gongar før. Ein gong hadde eg regien på ei framsyning av Norvald Tveit og den andre gongen sette vi opp ein kabaret om Jakob Sande, fortel Lie. – Teateret dykkar utmerkjer seg ved å ha god kontakt med sitt publikum. Dei kjem til teateret, sjølv om det ikkje berre er å hoppe på trikken eller ta sykkelen som i byen.  Kanskje du må i båt, kanskje køyre langt i bil. Men publikum kjem. Kulturinteressa stikk djupt i folk, den er ein del av identiteten i fylket. Eg likar meg her, gjentek han.

Men når teppet går ned etter premieren fredag 1. september, dreg Trond Lie vidare. – Då er jobben min ferdig, då kan eg ikkje gjere meir. Deretter er det publikum som eig framsyninga, ikkje eg. Om eg er spent? Ja, det er eg verkeleg.  Romanen er lesen av så mange. Vil lesarane kjenne seg igjen? Eg veit ikkje.  Vi har funne ein thriller innerst i denne historia. Den er drivkrafta i vår dramatisering av ”Fugletribunalet”.