Billettinformasjon

Du kan enkelt kjøp billettar på nettet til alle våre framsyningar. Vi nyttar billettservice når vi ikkje speler i kulturhus med eigne billettsystem. Billettservice har sal på Narvesen, på 815 33 133 og på billettservice.no

Når du tingar billettar må du legge att ditt telefonnummer, då dette er ditt referansenummer. Bur du langt frå Narvesen og heller ikkje har høve til å skrive ut billettar frå nettet, så kan du ringe 815 33 133 seinast fem virkedagar før framsyning og få billettane sendt heim til deg i posten. Det er sju dagars hentefrist på reserverte billettar. Dersom du tingar billettar under sju virkedagar før framsyning er hentefrist seinast ein halv time før spelestart. Sal ved inngang startar normalt ein time før spelestart. Kulturhus med andre billettsystem har eigne fristar.

Refusjon

Kjøpte billettar refunderast normalt ikkje. Dersom det skulle skje at ei framsyning blir avlyst vil du få refundert billettane dine der du kjøpte dei. Dersom billettane er kjøpte på billettservice.no må du ringe 815 33 133 seinast 60 dagar etter framsyningsdato. Sjå elles heimesidene til dei ulike kulturhusa.

Prisar

Billettavgift kjem i tillegg til prisane nedanfor (maks 20 kroner).

Billettprisane på våre ordinære framsyningar er:

Vaksen kr 200,-
Student/honnør/gruppe (min 5)/Firdakortet/medl.BoiVest/medl.Teaterlauget kr 150,-

Billettprisane på musikalar er noko dyrare grunna avgifter. Prisane er:

Vaksen kr 240,-
Student/honnør/gruppe (min 5)/Firdakortet/medl.BoiVest/medl.Teaterlauget kr 190,-

Personar med betalar vanleg billettpris. Følgje går gratis mot å vise følgjekort.