Direktestrøyming - Eventyrstund om "Frosken og vennene"

 
Teater Vestland Eventyrstund Livestream Frosken

“Frosken og fuglesongen” og “Frosken om vinteren”

Skodespelar Reidun Melvær Berge inviterer oss heim i stova si. Her fortel ho historier om den velkjende frosken frå boka “Den store boka om frosken og vennene” av Max Velthuijs.

Frosken og fuglesongen

Frosken og vennene trur først at fuglen dei har funne berre søv, og dei blir leie og høgtidelege når Haren forklarar at han er død. Den vesle gravferda deira er alvorstung nok, men plutseleg skifter humøret til Frosken.

Frosken om vinteren

Det er vinter, og frosken frys. Han har ikkje fjører eller pels slik som vennene anda og haren, men når han dett i snøen, er det vennene som tek seg av han gjennom dei lange vintermånadene. Etter kvart finn frosken ut at vinteren går an, særleg når han veit at våren ikkje er langt unna.

“Den forelska frosken” og “Frosken er redd”

Frosken har nokre gode vener. Og gode vener er godt å ha når hjartet bankar fortare enn vanleg. I desse to historiene om Frosken og venene hans er det akkurat det som skjer, men på kvar sin måte. Dei store kjenslene frykt og forelsking oppstår i Frosken, og kva skal ein frosk gjere då?

Eventyrstunda passar for born 3-7 år, men alle er sjølvsagt velkomne!



Tilbakemeldingar frå andre besøk heime i stova til Reidun: