Direktestrøyming - Eventyrstund "Far steller heime"

 
Teater Vestland - Idun Losnegård

Fredag 3. april inviterer skodespelar Idun Losnegård oss heim inn i biblioteket sitt. Blir du med?

Her skal Idun lese ei historie som heiter "Far steller heime" frå ei bok som heiter "Farskap". Den er skriven av far hennar, Rolf Losnegård.

Vesla får ikkje sove. Mamma er bortreist og ting er ikkje som dei brukar å vere. Veslebror søv og det er bra for alle at han fortset med det. Vesla er mørkeredd og det kjennest tryggare å ligge i den store senga. Men plass i den store senga kjem og med eit ansvar: kva om ikkje Pappa får sove? Det er så mange store tankar som skal løysast om natta. Korleis skal ein egentlig få sove?"

Er du mørkeredd av og til? Det er godt mulig at Idun har nokre tips til kva ein kan gjere når ein trur at der er eit monster under senga...

Fredag 3.april kl 17:30-17:45 vert det live-streaming på Facebooksida til Teater Vestland. Ta gjerne med deg kosebamsen eller dokka di – eller samle heile gjengen med alle kosebamsane og dokker som du har, og sett deg ned og høyr på Idun fortelje om Vesla.

Denne eventyrstunda passar for born mellom 4-8 år, og er kjempefin for familien saman!

Følg med i arrangementet på Facebook her