Kinnaspelet 2022

 
 
 
 
 

Songen om det store djup

Borni nektar å teie, sjølv om ho får eit spyd opp under nasen. På kaia står den danske futen med væpna soldatar og krev at øyfolket skal ta imot den Lutherske læra. Borni tryglar prestefaren om å halde på den katolske trua. Ho minner om ei anna Borni i ei anna tid, ho som rømde frå vikingane sine herjingar i Irland i ein båt utan årer og segl og lét seg drive over havet til ho rak i land på Kinn, der ho ifølge legenda fekk reist ei steinkyrkje.

Sant å seie har vi fleire spørsmål enn svar når det gjeld kyrkja på Kinn. Vi veit ikkje kven som bygde den, eller kvifor dei plasserte den under Kinnaklova. Og korleis kan det ha seg at tre katolske helgenfigurar har overlevd reformasjonstida og framleis prydar interiøret?

«Songen ved det store djup» dreg opp dei store linjene i ein fortetta versjon med eit persongalleri som vi er blitt glade i etter meir enn tretti år med spel: Borni, tiggarjenta Sygni, presten og frilla hans Margrete. Dei har mykje å tape, men også mykje å vinne. Margrete håper at presten vil gje avkall på pavekyrkja og sølibatet, slik at han kan gifte seg med henne og gjere dottera deira ektefødd. Sjølv er Borni meir opptatt av trua enn samfunnsordninga, og ho vil at faren skal stå imot. Kven av dei to skal han svike?

Eit stort apparat er i sving når Kinnaspelet og Teater Vestland lagar utandørsspel på ei øy omtrent så langt vest i Norge som det er mogleg å komme. Rundt 160 frivillige deltar, og eit publikum på eit par tusen blir frakta til og frå med ekstra båtruter. Det slitesterke samarbeidet mellom Kinnaspelet og Teater Vestland er avgjerande for å få det til. Teateret stiller med regissør og fem profesjonelle skodespelarar, i tillegg til skodespelaranes kostyme og teknikk på prøver og framsyningar.


Nytt av året er at det vert 3 framsyningar av Kinnaspelet denne helga, 2 på laurdagen og 1 på søndag. Sjå Kinnaspelet.no for meir informasjon.


KUNSTNARLEG LAG

AV Rolf Losnegård
KOMPONIST Per Janke Jørgensen
REGI Oda Alisøy
INSPISIENT Jenny Pettersen
MUSIKALSK ANSVARLEG Harald Dahlstrøm


MEDVERKANDE

Reidun Melvær Berge
Kyrre Eikås Ottersen
Idun Losnegård
Per Bogstad Gulliksen
Peder Lauvås


MUSIKARAR

Harald Dahlstrøm
Arne Hammer
Rolf Prestø

150 frivillige og amatørar

Produsert i samarbeid med Kinnaspelet