JOSTEDALSRYPA

Teater Vestland - Jostedalsrypa
 
 
 

– EIN EVENTYRMUSIKAL
Av Maria Tryti Vennerød og Julian Skar  
 

JOSTEDALSRYPA - NY NYNORSK DRAMATIKK

I Sogn og Fjordane er vi godt kjende med segna om Jostedalsrypa. Jenta overlever Svartedauden som tar livet av meir enn annankvar nordmann midt på 1300-talet. Heilt åleine må ho klare seg gjennom vinteren, og innan ho blir funnen neste vår, er ho blitt skjerr som eit vilt dyr. Korleis overlever ho? Og kvar tar ho motet ifrå?  

Eventyrmusikalen Jostedalsrypa er inspirert av segna, men tar oss med vidare inn i ei eventyrleg og magisk musikalsk verd. Den heltemodige jenta Rypa ber forteljinga på dei spinkle skuldrene sine, og det heile er pakka inn i melodiøse poplåtar som publikum garantert kjem til å nynne på når det går ut døra. Bak står to av dei ypparste samtidskunstnarane vi har: dramatikar Maria Tryti Vennerød og komponist Julian Skar. Torkil Sandsund har regien og set sin umiskjennelege signatur på framsyninga.  

Jostedalsrypa er Norges svar på Jungelboka. Musikalen handlar om korleis ei jente finn motet og kreftene til å overleve utan andre menneske gjennom ein lang og kald vinter. I den mørkaste timen, når ho trur at ho er heilt åleine, viser det seg at ho har vener som ho ikkje visste om.  

 

TEATERMELDINGAR JOSTEDALSRYPA

"Eg kunne sett dette stykket med bind for auga, og framleis kosa meg."..."Dette var ein produksjon med så mykje sjel og av høgt kunstnerisk nivå. Det beste meldaren har sett av Sogn og Fjordane Teater. Dei leverer ein kvalitet ein ikkje kan forvente frå eit teater av deira storleik og med deira midlar.".

Teatermelding Firda (+)

"Jostedalsrypa er solid handverk, djupt alvor vekslar med herleg humor"

"Det er forløysande at dramatikar Maria Tryti Vennerød og komponist Julian Skar ikkje har brydd seg så mykje om å vere historisk korrekte eller realistiske.

"Teatermelding scenekunst.no

"For selv med kropper som smuldrer, mennesker som settes fyr på og dødsangst i setet, iallfall for de minste, så er også dette en veldig koselig musikal. De bryter ut i sang, både til glede og desperasjon. Og det er ikke lettvinte vendinger og umiddelbare hits som serveres, men sanger som sakte, men sikkert vokser på en fremført av et fempersons orkester. Det er dynket i strykere, som bidrar til å gjøre det ekle virkelig ekkelt, og det sentimentale enda søtere.

Teatermelding Norsk Shakespearetisskrift

Krevende materiale for en musikal

 

ARTIKLAR

 

FOTOGALLERI JOSTEDALSRYPA

Plakatfoto David Zadig, illustrasjon Dordi Strøm, grafisk uttrykk Univerket. Pressefoto: David Zadig/ Espen Nyttingnes

 

KUNSTNARLEG LAG

Dramatikar Maria Tryti Vennerød
Komponist Julian Skar
Regissør Torkil SandsundMusikalsk leiar Kåre Sandvik
Scenograf Tormod Lindgren
Kostyme- og dokkedesignar Dordi Strøm
Lysdesign Krystian Myska
Dukkemakar Kari Noreger
Maskør og parykkmakar Tonje Lie
Koreograf Jon Werede Hope
Dramaturg Bodil Kvamme
Lyd Robert Tomkiewicz
Inspisient Charlotte Prydz Ottesen

Orkester:
Kåre Sandvik
Stig Rennestraum
Matias Monsen
Arne Toivo Sandberg
Miriam Bergset

MEDVERKANDE

 
 

JOSTEDALSRYPA

EIN EVENTYRMUSIKAL - NY NYNORSK DRAMATIKK

AV MARIA TRYTI VENNERØD OG JULIAN SKAR