Jostedalsrypa på besøk i storbyen Oslo

 
Foto: Tormod Lindgren

Foto: Tormod Lindgren

I Sogn og Fjordane er vi godt kjende med segna om Jostedalsrypa. Jenta overlever Svartedauden som tar livet av meir enn annankvar nordmann midt på 1300-talet. Heilt åleine må ho klare seg gjennom vinteren, og innan ho blir funnen neste vår, er ho blitt skjerr som eit vilt dyr.

Eventyrmusikalen Jostedalsrypa er inspirert av segna, men tek oss med vidare inn i ei eventyrleg og magisk musikalsk verd. I slutten av mars var Reidun Melvær Berge, saman med medskodespelarane Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen, på workshop på Dramatikkens hus i Oslo:

- Vi kasta oss rett og slett ut i ei skisse av alt som finst av materiale til no. Målet var at dramatikar, komponist og regissør skulle få sjå kva som kjem til å fungere og kva som må endrast slik at det kan ferdigstillast til vi skal starte i haust, forklarar Reidun, som spelar sjølve Jostedalsrypa.

Komme nærare essensen

I fire dagar arbeidde skodespelarane saman med regissør Torkil Sandsund, dramatikar Maria Tryti Vennerød og komponist Julian Skar. Dei jobba med å integrere tekst og musikk, slik at dramatikar og komponist kan levere eit verk der desse to er fletta saman:

- Vi fekk eit utkast av manus på førehand, i tillegg til songtekstar og melodi på songane. I løpet av veka prøvde vi ut både tekst og musikk, la til og trakk frå, for å kome nærare essensen i forteljinga - ryggrada i teksten, fortel Idun.

- Vi blei godt kjend med dei ulike karakterane og snakka mykje om deira veg gjennom stykket. Kva symboliserer dei, kva står dei for, kva kan settast opp mot kvarandre – slike spørsmål, legg Kyrre til.

Krevjande arbeid

Dei legg ikkje skjul på at det var eit spennande, men krevjande arbeid dei kasta seg ut i:

- Ein må legge vekk det meste av sjølvkritikk og forfengelegheit, seier Idun og legg til:

- Samtidig er det utruleg spennande å vere med på eit så tidleg stadium av tekstutvikling. Ein får til dømes komme med innspel på karakterane. Styrken ved å ha verkstad på eit tidleg stadium er at skodespelarane snik seg på innsida av karakterane og kan stille viktige spørsmål til dramatikar. Dei kan komme med opplysningar som ein ser først når ein er på innsida av karakteren.

Ho får støtte av både Kyrre og Reidun:

- Ja, vi skjønte fort at det kom til å bli intenst. Men det kjendest trygt og det var god stemning heile vegen, så det var ikkje så veldig farleg å berre kaste seg ut i det, smiler Kyrre.

- Eg har fått øve meg på å hugse at det ikkje var kvaliteten på det eg skulle gjere som stod i fokus her, men ei større oversikt. Det har vore utruleg spennande å bli kjend med materialet, dei eg skal jobbe med til hausten, og ikkje minst å sjå korleis hovuda til dei som skapar dette universet, knakar og jobbar i prosessen, fortel Reidun.

- Pirrande å grave i

Også teatersjef Bodil Kvamme var på plass for workshop på Dramatikkens hus:

- Eg er imponert over skodespelarane våre som kasta seg ut i det og tok alt på strak arm. Det er heilt fantastisk! Sjølvsagt er det mykje som ikkje er ferdig enno, men det eg fekk høyre var utruleg bra og vi fekk alle ei kjensle av kva veg vi ynskjer å gå. Eg tvilar ikkje eit sekund på at dette kjem til å bli eit fantastisk og spennande prosjekt, fortel ho.

Skodespelarane gler seg til å gå i gang med prosjektet denne hausten:

- Det er jo heilt fantastisk at ein kan ta utgangspunkt i eit lokalt segn som er kjend for så mange, og lage musikal av det. Vi lagar ei familieframsyning om noko som vi «eig». Det er utruleg flott, seier Kyrre.

- Segna om Jostedalsrypa er ei historie som eg har vakse opp med og det er difor pirrande å skulle grave i og å få lov til å vise fram. Eg trur dette kan bli eit eventyr, avsluttar Idun.

Denne workshopen vart støtta av Dramatikkens hus som stilte lokale til disposisjon.

Jostedalsrypa har première 7. november.
Billettar og heile turnéruta er HER