VESTLAND, VESTLAND

Teater Vestland - Vestland, Vestland av Finn Tokvam
 

URPREMIÈRE

 

I dette humoristiske teaterstykke Vestland, Vestland får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på.

Kva skjedde på Gulatinget?
Låg dei tyske keisarane med damene på S-laget?
Går det an å flørte i dalatrekk?
Er det trist når nabosvinet døyr?
Kva har skjedd og kor er vi på veg?
Kort sagt: Kven er vi?


Framsyninga er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret til alle innbyggarane i det nye fylket. Ei rekke påstandar, særpreg og historiske hendingar blir presenterte, gjenskapte, diskuterte og avklarte, slik at vi kan vandre vidare saman.

På scena står Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord. Finn Tokvam har skrive teksten og Arvid Ones har regi.

Vestland, Vestland er produsert av Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret.

 

Fotogalleri

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar

 
 
 

KUNSTNARLEG LAG


AV Finn Tokvam
REGISSØR Arvid Ones
KOMPONIST Odd-Erik Lothe
LYSDESIGNAR Krystian Myska
ILLUSTRATØR Gustav Kvaal
FIGURMAKAR Marte Synnevåg
SCENOGRAFKONSULENT Olav Myrtvedt


MEDVERKANDE

Claus Sellevoll
Sigrid Moldestad

 
 

VESTLAND, VESTLAND

AV FINN TOKVAM