RAUDEHETTE OG ULVEN

 
 
 
 
 
 
 
Raudhette_1249x426px.jpg
 
 

Familieframsyning

Det var ein gong i ein skog i eit land i ei stove ei lita jente som heiter Raudhette. Heilt åleine må ho gå den lange vegen gjennom skogen med mat til bestemora som er blitt for gammal og skrøpeleg til å ta vare på seg sjølv. Ho må love å ikkje gå av stien, og ho må ikkje snakke med framande, men på vegen møter ho ulven som lurer henne til å tru at han er like glad i blomar som det ho er. Er ulven berre slem, eller har han kanskje sine eigne ting å slite med?

I vår versjon av det urgamle eventyr er det masse gøy og musikk på scena. Skodespelarane dukkar opp med mange forskjellige instrument, og det er fullt band på scena. Scenografien består av ein heil skog, og bestemor bur i ei campingvogn som er litt magisk.

Stykket er utvikla gjennom ein leiken prosess på scena. Regissør Alex Byrne er ein av dei fremste på å lage familieframsyningar, ikkje berre i Storbritannia der han held til, men i heile verda, og han har fått med seg eit kraftlag: regiassistent og dramaturg Elisabet Topp, scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington, teaterets eigne lysdesignar Krystian Myska og komponist Gregory Hall. På scena står Anne Wiig, Kyrre Eikås Ottersen, Bård Watn og Katrine Lunde Mackenzie.

 

Ta med deg heile familien til eventyrland!

Anbefalt aldersgrense: Frå 4 år.
Framsyninga varer i omlag 65 min.

Publikum vert anbefalt å ikkje krysse kommunegrenser for å komme på teateret.

_C2A9916.jpg

Teatermelding Scenekunst.no

_C2A0167 – Kopi.jpg

Teatermelding Norsk Shakespearetidsskrift (Abo)

 

FOTOGALLERI

KUNSTNARLEG LAG

Regissør Alex Byrne
Regiassistent Elisabet Topp
Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington
Lysdesignar Krystian Myska
Komponist Gregory Hall
Musikalsk ansvarleg Bård Watn
Dramaturg Elisabet Topp og Cecilie Grydeland Lundsholt
Omsetjing Terje Lyngstad

MEDVERKANDE

 

Trailer: Scenisk fiksjon, Anders Nybø
Pressefoto: Espen Nyttingnes, Rakkar produksjon
Portrettfoto: Robert Tomkiewicz
Illustrasjon: Gregory Idehen