Nynorsk barnebokfest

 
Programmet vert oppdatert fortløpande.

Programmet vert oppdatert fortløpande.

 

Forfattarbesøk av Arnfinn Kolerud

 
Snillionen bok.jpg
 

Ein heilt vanleg dag vinn Frank og Mor i Lotto. - Rekka er alt for framtung, sa mor. Den kjem aldri til å gå inn. No er det aldri. Frank ser ut av vindauget. Der er alt som før. Gras med hus på. Hus med gras på. - Frank er 10 år gammal og vinn 24 millionar kroner, skriv læraren på tavla neste dag. Kor mykje kan han bruke kvar dag resten av livet om han blir 80 år?

Forfattar Arnfinn Kolerud

Forfattar Arnfinn Kolerud

Ein heilt vanleg dag i tidlegare i vår,  vann Arnfinn Kolerud Kulturdepartementet sin pris for beste barne og ungdomsbok for ”Snillionen”. Sjølv om det er langt mellom utgjevingane til Kolerud, er det tett mellom prisane. For debutromanen ”Berre ikkje brøyteplogen kjem” fekk han departementet sin debutantpris og for oppfølgaren ”Den som ikkje har gøymt seg no” fekk han både Nynorsk barnelitteraturpris og Kritikarprisen. Boka var også nominert til Brageprisen.

Boka "Snillionen" undersøker og utfordrar normer og verdiar, og bodskapen er klar nok. Den står ikkje i teksten, men skriv seg inn i lesaren. Latteren stilnar og det blir mørkt når Frank dreg den tredje hundre-lappen han har stole frå mora opp av shortsen for å kjøpe moro i Syden. Forfattaren let det vere nok plass igjen til at den som les kan få ta stilling til det som skjer i dialog med eigne erfaringar og refleksjonar. Det byggverket som røyser seg i samvitet då, står der og seier oss noko om korleis vi faktisk bør handle, når livet skal levast, ikkje berre lesast.

Humoren ligg over, under og mellom linjer og ord som om forfatteren inviterer lesaren til ein implisitt gøyme og leite-leik som ein bonus til sjølve forteljinga. Det er umuleg å ikkje fryde seg det somme tider løyndomsfulle, andre tider opplagte, enkelte gonger varsame og av og til nesten brautande i språkleiken som er så særmerkt for forfattaren Arnfinn Kolerud.

 

Himmelspringaren

Dokketeater i Teatersalen

 
Himmelspringaren.jpg
 

 

Det byrja ei natt i april. Heile Rakkarhågen var pakka inn i skodde, og Gullullafjøset såg ut som det hang i lause lufta. Inne i fjøset sto Fjellfjosa, ballrund som ei kule. Johanna godprata med ho, klødde ho bak øyra og kviskra mjuke ord. – Kjære, flinke Fjosa mi, sa ho. – Kor eg gler meg til å sjå ungane dine. Det Johanna ikkje visste var at det denne natta skulle bli født eit lam i Gullullafjøset som ingen hadde sett maken til i heile fjorden. Og sikkert ikkje i fjorden bortanfor heller.

Slik byrjar forteljinga om Lilla Himmelspringar. Allusjonane til eventyret om den stygge andungen er tydelege, mange vil nok også tenkje på frelsaren i Davids by. Historia kviler likevel ikkje på andre tekstar, sjølv om tema og bodskap er så viktige at mange forteljingar har vore bygde kring liknande motiv. 

Illustrasjonane er svært gjennomarbeidde og fortel fleire historier parallelt med teksten i denne biletboka av Sissel Horndal. Vakre og humoristiske på same tid, spennande og varierte. Teksten er lett å lese og etter kvart berre fortelje. 

Nynorsk barnebokfest presenterer eit gjestespel med framsyninga "Himmelspringaren" av og med Monika Solheim og Adele Lærum Duus.

Framsyninga er basert på Sissel Horndal si bok med same tittel.

Dokketeater
Av og med: Monika Solheim & Adele Lærum Duus
Regi: Annicke Gill Haukås
Musikk: Hallvard Lærum
Kostyme: Marte Synnevåg

Målgruppe: Frå 3 år
Framsyninga varer i: 45 min
Billettar Førde: 
Billettar Os:

 

Blåmann, blåmann bukken min

Dokketeater i Eventyrrommet

 
Blamann2.jpg
 

"Å ha ein besteven som alltid vil leike, tulle og tøyse, og som vekkjer deg når du søv, for å leike meir! Det er fint det! Det har Åsmund. Han og Blåmann er bestevener. Men ein dag blir Blåmann borte. Kva kan ha skjedd? Kanskje han kjem heim om vi syng? Åsmund diktar ein song til venen sin.

Vil du vere med å synge?" Blåmann, Blåmann bukken min er ei heilt ny barneframsyning om venskap og lengsel. Framsyninga byggjer på den kjende barnesongen med same namn, skriven av Aasmund Olavsson Vinje i 1860. Dette er ei lun og varm framsyning av historia, som både barn og vaksne kan kjenne seg att i.

Medverkande: Siw Elena Skinnemoen
Framsyninga er Folkeakademiet sitt bidrag til 200-årsjubileet for forfattaren A.O. Vinje, og satsinga Syng for livet

Målgruppe: 4-10 år
Framsyninga varer i: 45 min
Billettar Førde: 

 

Skapande skriving med Hans Sande

Skrivekurs

Å opne ei diktsamling av Hans Sande er som å opne ei dør inn mot heile det underlege mangfaldet menneskelivet er. Få meistrar som Sande å balansere det konkret sansa og det fritt fabulerande, i fortetta poetisk form. I dikta hans finst vare naturskildringar og fyndige sleivspark, ømme kjærleiksdikt og desperate dikt om kjærleik som brest. Her er barsk humor, sprelske overdrivingar, naken sorg og klok livsinnsikt. Her er dikt som let oss le og bli skaka, dikt til å kjenne seg att i og dikt til å bli djupt forundra over. 

Hans Sande.jpg

Hans Sande er ein diktar som alltid er på leiting etter noko anna og usagt, og som uttrykker ein heftig kjærleik til naturen som myldrar i oss og omkring oss og på trass av oss.

Til Nynorsk barnebokfest vil Hans Sande utvikle eit skrivekurs som tek utgangspunkt i eigne kreative arbeidsmåtar og denne leitinga etter noko usagt. Barn har dei fleiste forteljingane framfor seg, dei er på same måte som diktaren på leit i språket,  på leit etter å gjere det til sitt eige.

Målgruppe: 
Billett skrivekurs fredag 14. september:

 

Kunstutstilling og formidling med
Inger Lise Belsvik

Leseglede med bildebøker i Utstillingssalen

Inger Lise Belsvik_bøker.jpg

Rom for ord og Førde bibliotek stiller ut jubileumsutstillinga til illustrasjonskunstnaren Inger Lise Belsvik. I bildebøkene meistrar Belsvik den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Ho snakkar gjerne om at tekstane skal få ”ny sprett” i bildet. Som formidlarar kan vi bruke det same inspirerte blikket til i høgtlesinga av tekstane. Då får dei små lesarane mulegheit til å dikte vidare, tolke og gjere leseopplevinga til si eiga i det særeigne det samspelet mellom tekst og bilde som bildeboka inviterer til.

Kunstnaren  har fokus på handlaga illustrasjonar i papir i arbeidet sitt og i denne utstillinga er det dyremotiva som får dominere. Inger Lise Belsvik vil sjølv vise rundt i utstillinga, og lese frå bøkene ho har illustrert. Gjennom si levande formidling vil kunstnaren peike på tolkingsrom og mulegheiter for å dikte vidare i den teksten bildet knyter seg til.

Inger Lise Belsvik.jpg

Inger Lise Belsvik er mellom våre mest omtykte og prislønte illustratørar. Ho har fleire gonger vunne gull i konkurransen «Årets vakreste bøker», og ho fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris i 1997 og 2004. Blant dei mange bøkene ho har illustrert, kan ein nemne "Ikkje gløym å klappe katten" av Rønnaug Kleiva, "På ein krakk på ein stol" av Solfrid Sivertsen, "Dei blå revane" av Mary Bente Bringslid, "Sov søtt her spiss" av Erna Osland, "Dustefjerten" av Rune Belsvik, "Alle i Alta kan" av Eva Jensen og Jon og "Den lange julenatta" av Hilde Myklebust.

Utstillinga vert vist i Førde og Sogndal.