Eventyrstund - Nordavinden

 
sommarles logo (002).jpg

No står ein lang sommarferie for døra. Kva skal borna finne på i nesten åtte veker? Sommarles er noko som både er morosamt og lærerikt som kan vere med å fylle dagane i ferien. 1. juni gjekk startskotet for ein landsomfattande lesekampanje i regi av folkebiblioteka. Alle skuleborn frå 1.-7. klasse er invitert til å delta. Kampanjen er gratis. Den varer ut august, og har som må å skape leseglede og gode leseferdigheiter.

Sommarles er ein digital lesekampanje for barn i 1. - 7. klasse. Målet er å lese så mykje som råd i løpet av kampanjeperioden (1. juni - 31. august) og å samle XP (poeng). På nettsida til Sommarles kan borna sjølve registrere bøkene dei les, dei kan sjå kva andre les, dei får gode lesetips og ikkje minst: Dei kan via nettet følgje med på ei spennande historie med eit nytt kapittel kvar veke. Hovudaktiviteten er likevel å lese heilt vanlege papirbøker. Etter kvart som borna les, samlar dei poeng og digitale trofé. På biblioteket kan borna også belønning i form av små gåver undervegs.

Nordavinden, Teater Vestland, Foto Kyrre: Ulf R. Amundsen

Nordavinden, Teater Vestland, Foto Kyrre: Ulf R. Amundsen

Velkommen til forteljarteater med Kyrre Eikås Ottersen frå Teater Vestland. På ein del av sommarlesfestane i Vestland fylke presenterer eventyret om Nordavinden av Asbjørnsen og Moe.

Ei gamal kone sende guten sin til stabburet for å hente grautmjøl til middagen. Då han kom ut av stabburet, tok nordavinden mjølet med seg til vêrs. Då bestemte guten seg for å reise til Nordavinden for å kreve mjølet tilbake.

Sommarlesturnéen er eit samarbeid med Vestland fylkesbibliotek, seksjon for bibliotekutvikling.