Lansering av teateråret 2019

Kopi av Teateråret 2018-3.png
 
 

Tradisjonen tru inviterer teateret til lansering av neste års repertoar.

Dato: 6. desember
Tid: kl 18.00-19.00
Stad: Teatersalen, Førdehuset
Fri entré

I løpet av 2019 presenterer Sogn og Fjordane Teater 3 urpremièrer, 2 samarbeids-produksjonar, 1 nypremière, Kinnaspelet, og det blir framsyningar i Eventyrrommet. 7 produksjonar skal ut på turnè til kvar ein krok i fylket vårt.

 På lanseringa får vi ein snik-kik inn i prøverommet til “Alt det lyse og alt det mørke” som har premiere 18. januar.

Framsyninga er basert på Brynjulf Jung Tjønn si bok med same tittel. Regissør Miriam Prestøy Lie er godt i gang med prøvene med skodespelarane Reidun Melvær Berge, Kyrre Eikås Ottersen, Idun Losnegård, Joakim Thrane og Selma Stang.

I 2019 får vi også besøk av ein gammal kjenning av Sogn og Fjordane teater, nemleg regissør Frode Gjerløw. Han har tidlegare gjort «Invasjon» for teateret. No kjem han tilbake med ei framsyning basert på klassikarane til ein av dei største engelske skodespelforfattarane.

I tillegg kjem Sogn og Fjordane si eiga Maria Tryti Vennerød og presenterer eit manus ho jobbar med i desse dagar, og som skal bli til teateret si storsatsing hausten 2019. Vi kan ikkje røpe så mykje, men eit stikkord her er: familiemusikal.

Kinnaspelet står på programmet for 35. gong. I år er det ein ny regissør som tek over stafettpinnen, og vi gler oss til å presentere denne personen!

Ta turen innom oss denne dagen og få med deg alt det spennande som teateret skal jobbe med i 2019. Billettane til alle framsyningane kjem for sal denne dagen, så her er det også høve til å sikre seg nokre gode opplevingar i julegåve!

Vi serverer gløgg, kaffi og 7 sortar julekaker!

Velkommen skal de vere!

 
ArkivLene GrandeLansering, 2018