Jakob Sande - LENGT

 
2021 Jakob Sande-senter for forteljekunst_ LENGT FB bilde.jpg

Det ligg mykje lengt i dikta til Jakob Sande:

Heimlengt, lengt etter endring, lengt etter det som var, lengt etter eit nytt liv. Sande fortel om sakn og gjev stemme til dei som lengtar.

Saman med lyd-designar Viljar Losnegård vil skodespelar Idun Losnegård utforske dei sårare tonane i Sande si dikting.

I utviklinga av denne heilt nye Sande-framsyninga har dei vore opptekne av å opne nye rom i diktinga, både ved å bruke mindre kjende dikt men også ved å leite etter nye tonar i dei dikta vi kjenner aller best.

I samarbeid med Jakob Sande-senter for forteljekunst.